Faktaboks

Halide Edib Adıvar
Uttale

ha:lide

Fødd
1883, Istanbul
Død
1964
Halide Edib Adıvar, 1930-tallet
Halide Edib Adıvar, 1930-tallet
Av /𝒲.

Halide Edib Adıvar var ein viktig tyrkisk forfattar og politikar på byrjinga av 1900-talet.

Bakgrunn

Halide Edib Adıvar debuterte som forfattar i 1910, og kjempa for frigjering av Tyrkias kvinner. Etter første verdskrigen vart ho ein sentral agitator for muslimsk frigjering.

Under Den tyrkiske frigjeringskrigen 1920–1922 var ho knytt til Mustafa Kemal pasjas stab som korrespondent. Etter krigen vart ho professor i engelsk litteratur i Istanbul. Ho kom i opposisjon til Mustafa Kemal, og oppheldt seg fleire år som landflyktig i USA og Storbritannia. Då ho kom tilbake til Tyrkia fekk ho heidersnamnet «Tyrkias mor». Adıvar blir i dag rekna blant dei leiande kulturpersondomane i det moderne Tyrkias historie.

Forfattarskap

Romanen Gjøgleren og hans datter frå 1936 (norsk utgåve 1938) er ein bildungsroman med ei ung, muslimsk jente i hovudrolla. Boka handlar om korleis Rabia, som veks opp i Istanbul, blir dratt mellom austleg og vestleg lærdom og kunst, og til slutt finn sin eigen veg.

Den nasjonalpatriotiske romanen Eldskjortan (svensk utgåve 1928) er ei sterk skildring av den tyrkiske frigjeringskrigen, der martyrdom og fedreland blir knytte saman i ei fortelling med sterke assosiasjonar til sentrale islamske motiv. Boka kom ut i Tyrkia i 1922, medan krigen var i sluttfasen. Ho er blitt omsett til engelsk fleire gonger, og inspirerte muslimar i India til å stå opp mot dei britiske imperialistane. I Tyrkia la boka grunnen for nasjonalromanen som sjanger.

I 1923 kom romanen Vurun kahpeye 'Slå den tøyta!' ut som føljetongroman. Boka handlar om ei idealistisk, framtidsretta lærarinne som blir hengt ut som tøyte i landsbyen der ho blir motarbeidd av bakstreverske muslimske leiarar som konspirerer med fienden, grekarane.

Film- og TV-versjonar

Den tyrkiske nasjonalromanen er ein sjanger i stadig utvikling, og narrativet fann på byrjinga av 2000-talet vegen til TV-serien i form av Kurtlar Vadisi ('Ulvedalen'), der handlinga er lagt til dagens Tyrkia og Irak.

Vurun kahpeye! har vore brukt som grunnlag for filmmanus heile tre gonger. Melodramaet passa godt inn i profilen til den sekulære Republikken Tyrkia, slik han vart forma av den første presidenten i landet, Mustafa Kemal Atatürk.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg