Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå Ulsteinvik, stifta 1. august 1919, som vart norsk cupmeister i fotball i 2012. Klubben spelte i den øvste divisjonen i Noreg i 1964, frå 1969 til 1972 og i 1995. Klubben driv også med friidrett, turn og handball.
Hødd
Faktaboks
Hødd
Idrottslaget
- Offisielt namn
- I L HØDD
- Organisasjonstype
- Forening/lag/innretning
- Forretningsadresse
- Ulsteinvik
- Stifta
- 01.08.1919
- Styreleiar
- Iselin Aske
Fakta
- Heimebane: Nye Høddvoll
- Drakt: Blå trøye, kvite bukser, blå strømper
- Supporterklubb: Blåsarane
- Kjende spelarar: Kjetil Hasund, Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft
Merittar
Hødd vann cupmeisterskapen i 2012 mot Tromsø etter 1–1 ved fulltid og 4–2 på straffar. Med cupsigeren fekk dei også spele kvalifiseringskampar om plass i Europaligaen året etter, der dei tapte 1–2 samanlagt etter 1–0 heime og 0–2 borte for det kasakhstanske laget Aktobe.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Hødd
- Sektorkode
- 7000 Ideelle organisasjoner
- Næringskode(r)
- 93.120 Idrettslag og -klubber
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.