Gylvaginning er namnet på den første delen av Snorres Edda.

Faktaboks

Etymologi
norrønt ‘Gylves synsbedrag’
Også kjend som
Gylfaginning

Snorres Edda er ei lærebok i skaldskap. Ein grunnleggande nøkkel til å forstå skaldskap er kjennskap til den norrøne mytologien; mytologi blir brukt i kenningar og heiti, poetiske omskrivingar. Ein kenning kan vere enkel, som å kalle guden Tor for faðir Magna 'Magnes far'. Då må ein vite at Magne er Tors son. Det kan også vere innvikla, som til dømes i første strofa av Ragnarsdrápa, der Bragi Boddason kallar eit skjold for blað ilja þjófs Þrúðar 'bladet til Truds tjuvs fotsolar'. «Truds tjuv» er jotnen Rugne, og «bladet til Rugnes fotsolar» peiker til at Rugne stod på skjoldet sitt fordi han trudde at Tor ville gå til åtak underfrå.

For å kunne tolke diktet, måtte ein altså ha god kjennskap til mytologi, og det er grunnen til at Snorre skreiv Gylvaginning, der mytologien blir nøye gjennomgått.

Dei to andre delane av Snorres Edda er Skaldskaparmål og Håttatal.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg