Gunvor er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Gunn-vǫr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘strid’ og etterleddet ‘forsiktig; verjar’.

Namnet har fleire variantar: Gunnvor, Gunvor, Gunvår.

Namnedag er 3. april. Gunnvald har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Gunvor

Kulturell bruk

  • Gunvor Smikkstugun i «Trost i taklampa» (1950) av Alf Prøysen.

Kjende personar med namnet Gunvor

Eit utval personar med namnet Gunvor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 989 kvinner i Noreg som hadde Gunvor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Gunnvor og Gunvor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Gunvor var på topp 1915–1924. Sidan år 1900 har stavevarianten Gunvor vore brukt nesten 12 gongar meir enn Gunnvor.

Utvikling i bruk av namnet Gunvor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gunvor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg