Gunnlaug Ormstunge
Gunnlaug møter ladejarlen Eirik Håkonsson. Teikning av Andreas Bloch til boka Vore fædres liv : karakterer og skildringer fra sagatiden / samlet og udggivet af Nordahl Rolfsen, Kristiania: Stenersen, 1898.

Gunnlaug Ormstunges saga er ein islendingesaga som er nedskriven på slutten av 1200-talet. Helten i sagaen, Gunnlaug, er ein islandsk skald som døydde kring 1008.

Faktaboks

Etymologi
norrønt Gunnlaugs saga ormstungu
Også kjend som

Soga om Gunnlaug Ormstunge, Gunnlaugs saga

Innhald

Handlinga i Gunnlaug Ormstunges saga er lagt til byrjinga av 1000-talet.

Soga opnar, som dei fleste islendingesogene, med å gjere lesaren (eller tilhøyraren) kjent med hovudpersonane og slekta deira. I dette tilfellet opnar soga med å presentere ein son av Egil Skallagrimsson, som dei fleste vel kjente til i samtida. Dette knyter soga tett saman til andre islendingesoger og kan setje eit publikum som kjenner til desse, i stand til å vite kven det er snakk om og kva bakgrunn sogepersonane har.

Gunnlaug og Ramn konkurrerer om kven av dei som er den beste skalden. Gunnlaug går av med sigeren hjå kong Olav Svenske, for han har dikta ei dråpa, medan Ramn berre har dikta ein flokk (dråpa utan stev). Dette set i gang ei rivalisering mellom dei.

Soga skildrar først og fremst kjærleiken mellom Gunnlaug og Helga den fagre. Dei trulovar seg og har avtala å bli gifte, men Gunnlaug kjem ikkje heim frå utlandet til avtala tid. Helga gifter seg i staden med Ramn.

Rivaliseringa mellom Gunnlaug og Ramn kulminerer med at dei drep kvarandre i holmgang i Noreg.

Helga gifter seg igjen, men gløymer aldri Gunnlaug. Ho døyr medan augo kviler på ei kappe som ho ein gong fekk av han.

Komposisjon og stil

Soga er ei av dei yngre islendingesogene. Kjærleiksmotivet kan vere ei påverking frå omsett, romantisk dikting, riddarlitteraturen, til dømes kjærleiksforteljingane om Tristram og Isond og Flores og Blankiflor, begge omsette til norrønt på 1200-talet.

Soga er stilsikkert oppbygd som eit trekantdrama mellom Gunnlaug, Ramn og Helga. Kjærleiken mellom Gunnlaug og Helga bind det heile saman, medan rivaliseringa mellom Gunnlaug og Ramn driv soga framover.

Språket er kort og stramt, og teksten inneheld kjente fyndord, til dømes Gunnlaugs sluttsvar når han møter ladejarlen første gongen: «Kva er det med foten din?» spør jarlen. «Det er ein svull», seier Gunnlaug. «Men du haltar ikkje!» seier jarlen. Då svarar Gunnlaug: «Ikkje skal eg halte medan begge føtene er like lange!»

Soga inneheld mange skaldestrofer. Dei er lagde i munnen på både Gunnlaug og Ramn. Dei fleste er truleg laga i samband med nedskrivinga på slutten av 1200-talet.

Handskrifter

Gunnlaug Ormstunges saga er bevart i to islandske handskrifter frå mellomalderen, Sth. perg. 18 4to frå andre halvdelen av 1300-talet og AM 557 4to frå første halvparten av 1400-talet.

Utgåver og omsetjingar

Gunnlaugs saga er ei av dei mest kjente islendingesogene i Noreg, særskilt gjennom skuleverket, der denne soga, ved sidan av Soga om Ramnkjell Frøysgode, har vore lesen og undervist i mange tiår.

Den norrøne teksten av Gunnlaug Ormstunges saga er utgjeven fleire gonger, til dømes av Guðni Jónsson (1987).

Soga er omsett til ei mengd språk, og det er fleire omsetjingar til norsk. Dei omsetjingane som no er brukte, er Charles Kent (1928) og Arnhild Mindrebø (2014) til bokmål, og Jakob Fjalestad (1939) og Ivar Eskeland (1961) til nynorsk. Dei eldre omsetjingane har kome i fleire nye og reviderte utgåver, til bokmål også som lydbok.

Litteratur

  • Ellefsen, Karin Elisabeth 1996: Om Gunnlaug Ormstunges saga. Karnov.
  • Eskeland, Ivar (oms.) 2019. Soga om Gunnlaug Ormstunge. Oslo: Fagbokforlaget.
  • Fjalestad, Jakob (oms.) 2007. Soga om Gunnlaug Ormstunge. Oslo: Aschehoug.
  • Guðni Jónsson (utg.) 1987. Gunnlaugs saga ormstungu, i Íslendninga sögur, 2. Reykjavík: Svart á hvítu.
  • Mindrebø, Arnhild (oms.) 2014. Gunnlaug ormstunges saga, i Islendingesagaene, 1. Reykjavík: Saga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)

skreiv signe marie johansen

Helga gifter seg aldri med en som heter Hrafn... Han heter Ravn! Og etter både Ravn og Gunnlaug er død, blir hun giftet bort av faren.

svarte Knut Lunde

Hrafn er den norrøne formen som i moderne rettskrivning ofte blir modernisert til Ravn.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg