Gunnhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Gunn-hildr. I dette toledda namnet tyder både forleddet og etterleddet ‘strid’. Det såkalla variasjonsprinsippet i norrønt innebar at ein nokså fritt kunne kombinere ledd utan å ta omsyn til ei meiningsfull tyding i det samansette namnet. I Gunnhild har vi altså eit namn med lik tyding i forleddet og etterleddet.

Namnet har fleire variantar: Gundhild, Gunhild, Gunnhild.

Namnedag er 30. januar. Gunda har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gunnhild

Eit utval personar med namnet Gunnhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 058 kvinner i Noreg som hadde Gunnhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Gunnhild og Gunhild slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Jorunn, Tordis og Svanhild. Gun(n)hild – saman med Ingeborg – skil seg klart frå hovudtyngda av desse namna ved at dei var mest brukte tidleg på 1800-talet. Sidan år 1900 har Gunhild vore brukt nesten fem gongar meir enn Gunnhild.

Utvikling i bruk av namnet Gunnhild frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Gunnhild frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gunnhild på 1800-talet.

Gunnhild var mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gunnhild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gunnhild var mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire variantar, til dømes Gunhild.)

Historisk bruk av namnet Gunnhild
Historisk bruk av namnet Gunnhild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg