Tustna

Øya Tustna har et areal på 89 km2.

Tustna er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke, nordaust for Kristiansund. Kommunen vart oppretta i 1873 ved utskiljing frå Edøy. I 1965 vart Tustnas del av Ertvågsøya overført til Aure.

Før samanslåinga med Aure i 2006 bestod Tustna kommune av øyane Tustna (89 kvadratkilometer), Stabblandet (Stabben; 40 kvadratkilometer), og nokre mindre øyar vest og nord for desse, i alt 141 kvadratkilometer, med 1006 innbyggjarar ved samanslåinga. Seinare har folketalet i tidlegare Tustna sokke til 931 innbyggjarar (2020), som utgjer 27 prosent av befolkninga i heile Aure kommune.

Namnet kjem truleg av eit fjellnamn, norrønt ðústr, 'stav, lurk'. Men kan òg vere opphavleg øynamn, av ðurr, 'tørr'.

Gullstein

Gullstein var administrasjonssenter i den tidlegare kommunen og hadde rundt 70 innbyggjarar i 2015. Herfrå fører fylkesveg 680 på nordsida av øya Tustna vestover til Tømmervåg, der det er bilferge til Seivika i Kristiansund.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn. Første ledd er anten av mannsnamnet Gulli eller metallnamnet gull, eit rosande samanlikningsnamn, og siste ledd er 'fjellknaus, skjer' i sjøen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fugelsøy, Maurits: Tustna før og no, 1956–60, 2 bind
  • Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok, 1986, 3 bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg