Gudbrandsdalen ved Ringebu. Dialektene i Gudbrandsdalen har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Dette systemet inneber at infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk (overvektsorda) får endinga -e (å bite), medan dei med kort rotstaving i norrønt (jamvektsorda) får endinga -a (å væta).

Gudbrandsdalsmåla er austnorske dialekter som blir brukte i Gudbrandsdalen, og som blir rekna til midlandsmåla. Dalen er 20 mil lang, og naturleg nok er talemålet noko ulikt i ulike delar av dalen. Nokre fellestrekk, ikkje minst i lydklang, tonegang og talemusikk, gjer at ein likevel kan snakka om et einskapleg og heilsleg mål. Typiske trekk er kløyvd infinitiv og jamning i tostava ord.

Faktaboks

Etymologi
norrønt helst i fleirtall, Guðbrandsdalir, etter mannsnamnet ‘ Gudbrand

Dialektene i Gudbrandsdalen har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Dette systemet inneber at infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk (overvektsorda) får endinga -e (å bite), medan dei med kort rotstaving i norrønt (jamvektsorda) får endinga -a (å væta).

Jamvektsinfinitivane får i Gudbrandsdalen ofte jamning av vokalane til å-å. Det heiter å fårå (fara), å sågå (saga), å lågå (laga). Også dei svake substantiva av jamvektstypen får jamning og å-ending: ein mågå (mage), ein hågå (hage), ein hånå (hane). Jamvektsord der norrønt hadde vokalen i eller e i rotstavinga, får likevel ikkje å-ending. Det heiter å væta (vita), ein bæta (bete) og ein sæLa (sele).

Dei nemnde formene med å-å i til dømes infinitivane (å fårå, å lågå) skil gudbrandsdalsmålet frå flatbygd-målet i sør, som har a-a i slike ord. Eit anna særdrag som skil dialekta i Gudbrandsdalen frå dialektane i sør og aust, gjeld fortidsforma og partisippet av a-verba. I Gudbrandsdalen seier ein ho kasta og ho har kasta, ikkje kaste som det heiter i Ringsaker-dialekta. Gudbrandsdalsmålet har elles former som helg og berg, der dialektene i sør har hæLj og bærj. Frå valdresdialekta skil Gudbrandsdalen seg ved bruken av palataliserte konsonantar i ord som bæill (ball), mæinn (mann) og ræidd (redd), likt det ein finn på Hedmarken. Slike former finst ikkje i Valdres. I nord støyter gudbrandsdalsmålet på dialektene i Romsdal og på Sunnmøre, som er e-mål (infinitiv på -e), og dialektene i Sør-Trøndelag, som er apokopemål (med former som å kast, å skriv og så bortetter).

Lydverk (fonologi)

Kortstavingar

Alle gammalnorske trykksterke korte stavingar har i norsk talemål blitt lange ved at anten vokalen eller konsonanten har blitt lang. Døme: Det gammalnorske kortstava ordet vit (vet/vett) har i norsk talemål i dag fått ein uttale med anten lang vokal (vet) eller lang konsonant (vett). Nord-Gudbrandsdalen skil seg frå andre norske dialekter ved å ha halde på dei korte stavingane i slike ord. Ordet vet har her framleis både kort vokal og kort konsonant, slik det var i gammalnorsk. Andre døme på slike kortstavingar i gudbrandsdalsmålet er bel (stund), hål (hol), sjen (skin, solskin), let (farge), låk (lokk, grytelokk), gran (gran).

Tostava ord med kort rotstaving i gammalnorsk har i nord- og midtdalen halde på «jamvektsuttalen» med likt trykk på første og andre staving, slik det var i det gamle målet. Jamt trykk på begge stavingane har dialekten i ord som å kåmå, å læva, å vita, å lesa, å fara, ei svepo (svepe), ei hoLo (hole), ei viku (veke), ein hamar og andre.

I midtdalen (Fron og Ringebu) rår vanlege austnorske kvantitetsforhold i einstavingsorda og då med lengde på anten vokalen eller konsonanten. I tostavingsord med gammal kort rotstaving har likevel også midtdalen halde på to korte stavingar, til dømes fLeire dågå (dagar), ein såmår, ei vĭku (veke) (kort vokal i rota og jamt trykk på rot- og endestaving).

Etterleddstrykk

I samansette ord er det slik i dei aller fleste norske dialekter at første leddet har hovudtrykket. Døme er ´hustak og ´barnevogn. Dialekta i Nord-Gudbrandsdalen skil seg her ut frå det vanlege i norsk. Somme ord (visse ordtypar) har her fått utvikla etterleddstrykk, som vil seia at trykket kjem på andre samansetningsleddet. Døme er fiskebu´, kyrkjegaL´, lampegLas´, fugeLbann´, sæterstugu´ og andre.

Konsonantar

Gudbrandsdalsmålet har tjukk l både i typen soL (sol) og i typen gaL (gard), og dialekta har retrofleksar i ord som ert og surt. Heile Gudbrandsdalen har det nordaustlege særdraget palatalisering av dentalar (tannlydar) og skil seg her frå Valdres, som ikkje har dette fenomenet. Palataliseringa kjem fram ved at tannlydane ll, nn og dd har j-klang, dels ved at vokalen framfor er diftongert: bæill (ball), mæinn (mann). I norddalen er også endestavingar palatale: hæstæin, gutæin.

Formverk (morfologi)

Sterke hokjønsord

Gudbrandsdalsdialekta høyrer til midlandsmåla. Her har ein «delt hokjønn» i bestemt form eintal: den bygde, mot den visa.

Sterke hokjønsord
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Substantiv (Norddalen)

Kjønn Form Eintal, ubunde Eintal, bunde Fleirtal, ubunde Fleirtal, bunde
Hankjønn nemneform gut gut’n gute gutæin
dativform guté gutom
nemneform bæta bætan bæta betan
dativform bæta bætom
Hokjønn nemneform bygd bygdé bygde bygdin
dativform bygd’n bygdom
nemneform viku viku viko vikun
dativform vikun vikom
Inkjekjønn nemneform hus huse hus husé
dativform husé husom

* dativformene i inkjekjønn har tonelag 2.

Heilt sør i dalen høyrer ein fleirtalsformer i hokjønn som ælverælven og viservisen. Oppstillinga viser elles at gudbrandsdalsmålet har den midlandske «triklangen» a – e – o i fleirtal av substantiva. Målet skil seg likevel ut ved å ha vokalen -e i fleirtal av dei sterke hankjønnsorda med lang rotstaving i gammalnorsk, jamfør dialektformene: fLeire gute, fLeire bile. Endings-r-en i fleirtal fell bort, berre i sør-gudbrandsdalsmål og i stasjonsbymåla (til dømes Ringebu-mål) fell -r i ubunden fleirtal ikkje bort.

Substantiv med vokalskifte (omlydsubstantiv) har ikkje ending i norddalen. Det heiter her hænn (hender), net (netter), føt (føter), bøk (bøker) og så bortetter. Dette endingsbortfallet gjeld så langt sør som til Øyer.

Dativbruk

Gudbrandsdalslågen

Gudbrandsdalsmålet har som Hallingdal og Valdres levande dativbruk. Dativformene kjem fram etter visse preposisjonar og når substantivet eller pronomenet er indirekte objekt. Døme frå norddalen: dei budde på støLé, meinn (mannen) sat på gaLé oppi bakka og ho gav guté ei gåve. Bildet er eit flyfoto, tatt sørover dalen ved Hundorp. I det fjerne kan ein skimta Ringebu.

Av /NTB Scanpix ※.

Gudbrandsdalsmålet har som Hallingdal og Valdres levande dativbruk. Dativformene kjem fram etter visse preposisjonar og når substantivet eller pronomenet er indirekte objekt. Døme frå norddalen: dei budde på støLé, meinn (mannen) sat på gaLé oppi bakka og ho gav guté ei gåve. Sør i dalen vil dativformene enda på -a: meinn (mannen) sat på gaLa oppi bakka. Saman med dette skiljet fell også grensa mellom endinga -a og -é bestemt form eintal av sterke hokjønnsord. I norddalen heiter det den fine bygdé og i sørdalen den fine bygda. I fleirtal er dativendinga -om i gudbrandsdalsmålet (i fjellom), medan det i halling- og valdresmålet er -o (i bygdo).

Særmerkt pronomenform i fleirtal

Det meste av Gudbrandsdalen og eit tilgrensande område nord for Dovre, og vestover til Sunnmøre, har i 1. person fleirtal pronomenforma oss både i subjekts- og objektsfunksjonen. Døme: «oss vil ta med oss denne gryta, oss.»

Bøying i kjønn

Pronomenet båe og talordet to blir bøygde i kjønn. Det heiter i norddalen: båe två (hankjønn) – båe tvæ (hokjønn) – båe tvau (inkjekjønn eller to som er av ulikt kjønn).

Endringar i dagens gudbrandsdalsmål

Gudbrandsdalsmålet er i endring, slik det er i dei fleste dialektene her i landet. Mykje tyder på at endringane i Gudbrandsdalen er mindre enn i Hallingdal, der skiturismen har påverka språkutviklinga. Nokre av desse dialektendringane er:

  • Bruk av dativ er usikker hos dei unge, særleg formene i eintal. Dette kan tyda på at dativbruken er på veg ut av gudbrandsdalsdialekta.
  • Bruk av a-ending i bestemt form eintal av sterke hokjønnssubstantiv grip om seg (erstattar endinga -é).
  • I stasjonsbyar og tettstader oppover dalen er det tendensar til gjennomføring av eitt sett fleirtalsendingar: -er i ubestemt form og -an i bestemt form fleirtal (fLeire guter – alle gutan).
  • Etterleddstrykket i samansette ord blir borte i «nyare» ord. Det heiter i dag til dømes ‘fuggeLliv og ‘fuggeLfjør med trykk på første leddet, slik det er vanleg i norsk (men framleis har ordet fugeLbann’ trykk på siste leddet i gudbrandsdalsmålet).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berge, Nina Rudi (1999): Skilnader i bruken av den heimlege dialekta i Hallingdal og Gudbrandsdalen. Trykt i Kleiva, Turid mfl., s. 74–84
  • Kleiva, Turid mfl. (1999): Austlandsmål i endring. Oslo: Det norske samlaget.
  • Langleite, Erling (1974): Gudbrandsdalsmål. Trykt i Skogstad, Ola (red.): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på indre Austlandet. Oslo: Det norske samlaget.
  • Torp, Arne (1999): Bygdemål og sentrumsmål i Ringebu. Trykt i Kleiva, Turid mfl., s. 85–99.
  • Venås, Kjell (1990): Gudbrandsdalen. Trykt i Jahr, Ernst Håkon: Den store dialektboka. Oslo: Novus forlag, s. 59–61.
  • Vikør, Lars S. (1999): Austlandsmål i endring. Trykt i Kleiva, Turid mfl. s. 13–48.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg