Gry er eit kvinnenamn som er kjent frå 1897. Det har same tyding som -gry i morgongry.
Gry
Personar med namnet Gry
Kulturell bruk
- Magnhild Haalkes roman «Grys saga» (1950).
Kjende personar med namnet Gry
Eit utval personar med namnet Gry, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Gry Eide (1956)
- Gry Mølleskog (1962)
- Gry Larsen (1975)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 308 kvinner i Noreg som hadde Gry som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Gry – med topp 1970–1974 – gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.