Gnetum er ei planteslekt i gnetum-familien (Gnetaceae), som høyrer til blant dei nakenfrøa plantene i underklassen gnetofyttar (Gnetidae) i bartreklassen (Pinopsida). Trass i at fylogenetisk slektskap gjer at slekta blir klassifisert til bartreklassen kan artane i slekta ikkje kallast bartre i tradisjonell forstand. Slekta inneheld omlag 45 artar og er utbreidd i tropiske strøk i Afrika, Sør-Amerika og det sørlege Asia.

Faktaboks

Etymologi
frå malayisk ganemu
Beskriven av
Carl von Linné

De fleste artane er lianar, men ein finn også eksempel på tre, for eksempel den asiatiske Gnetum gnemon.

Blada er breie, heilranda og med midtnerve, og liknar lite på dei blada vi finn hos dei fleste andre nakenfrøa plantene, men snarare slike vi finn blant dei dekkfrøa. Artane er særbu, med eigne hoplanter med makrosporestandar og hannplanter med mikrosporestandar. Slik ein også finn det hos leddris (Ephedra), svulmar frøskalet opp og blir saftig og raudt til oransje-farga, tilpassa fuglespreiing.

Bruk

Treet Gnetum gnemon blir dyrka for frøa som blir rista som snaks og blada som blir bruka som grønsak i asiatisk, særleg indonesisk kjøkken.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Gnetum
Gnetum
GBIF-ID
2653091

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg