Faktaboks

Gjesdalbuen
Offisielt namn
GJESDALBUEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ålgård
Dagleg leiar
Eugen Hammer
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Logo
Logo
Av .

Gjesdalbuen er ei lokalavis som kjem ut på Ålgård på papir ein gong kvar veke. Avisa vart grunnlagt av eit privat selskap i 1990, men er eigd av Amedia etter at mediekonsernet kjøpte opp Nordsjø Media AS i 2018. Gjesdalbuen dekkjer Gjesdal kommune og Figgjo i Sandnes.

Gjesdalbuen byrja med nettavis (digitalt) i 1999, og kom ut på papir to gonger i veka fram til 2013. Ved ei omlegging det året innførte avisa betalingsmur for å lesa stoffet på nett, samstundes med at avisa berre kom ut på papir ein gong i veka.

Avisa registrerte i gjennomsnitt 8591 daglege lesarar på papir og nett i fjerde kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Opplag

Opplagstall for Gjesdalbuen, 1992-2022

1992 1278
1993 1512
1994 1844
1995 1915
1996 2090
1997 2315
1998 2619
1999 2808
2000 2923
2001 3000
2002 3035
2003 3192
2004 3071
2005 3114
2006 3260
2007 3420
2008 3422
2009 3306
2010 3239
2011 3195
2012 3124
2013 3043
2014 3294
2015 3268
2016 3177
2017 3151
2018 3228
2019 3327
2020 3583
2021 3526
2022 3487
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
2015 3260
2018 3228
2020 3583
2021 3526
2022 3487
2023 3344

Fram til 2015 gjaldt opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 blir netto opplagstal brukt for digitalt abonnement og papirabonnement. Kilden er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Gjesdalbuen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg