Faktaboks

Geir Pollestad
Fødd
13. august 1978, Hå, Rogaland
Geir Pollestad.
Av /Stortinget.

Geir Pollestad er ein norsk politikar frå Senterpartiet som er stortingsrepresentant for Rogaland sidan 2013. Frå 2023 er han landbruks- og matminister i regjeringen Støre.

Bakgrunn

Geir Pollestad er fødd i Jæren i Rogaland. Han gjekk vidaregåande skuleBryne, studerte økonomi i Stavanger 1998–1999 og vart utdanna jurist ved Universitetet i Bergen i 2006. Han arbeidde som advokatfullmektig i Projure Advokatfirma 2006–2007.

Politisk karriere

Pollestad var politisk aktiv som student. Han var politisk nestleiar i Senterungdomen 2001–2003, visepresident i Nordiska Centerungdomens Förbund i 2003–2009 og leiar av Norsk Studentunion i Bergen i 2004–2005. Pollestad har vore medlem i Time kommunestyre sidan 2011.

Pollestad var vararepresentantStortinget for Rogaland 2001–2013. Han møtte fast 2009–2012, medan Magnhild Meltveit Kleppa var statsråd. Pollestad har vore fast representant sidan 2013. Han var medlem av arbeids- og sosialkomiteen 2009–2012, energi- og miljøkomiteen 2013–2014 og var frå 2014 til 2021 leiar av næringskomiteen.

I den raudgrøne regjeringa (2005–2013) var Geir Pollestad politisk rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet og deretter i Olje- og energidepartementet (2007–2008). I 2008 blei han statssekretær i det same departementet, før han flytta over til Samferdselsdepartementet 2008–2009 og igjen 2012–2013.

Pollestad har både i regjering og i opposisjon vore talsperson for distrikta og distriktsnæringane. Til dømes har han arbeidd mot å detaljstyre kommunesektoren og å endre strukturen i norsk landbrukspolitikk, og for å styrkje kommuneøkonomien, halde på NAV-kontor i distrikta, gjere det enklare å etablere småkraftverk og å byggje ut samferdselsløysingar i distrikta.

Geir Pollestad er frå 2021 styreleiar i Bryne Fotballklubb.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg