Gard er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Garðr.

Namnet har same opphav som appellativet gard. Den opphavlege tydinga er ‘gjerde’, ‘vern’. Mens -gard er brukt som etterkedd i mannsnamn i Noreg, til dømes Vegard, er det kvinnenamn som har dette etterleddet i Tyskland, til dømes Helgard.

Namnedag er 30. mai. Geir har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gard

Eit utval personar med namnet Gard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 415 menn i Noreg som hadde Gard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Gard.

Utvikling i bruk av namnet

Gard høyrer til ei lita gruppe einstava nordiske namn som har fått toppfasen sin etter år 2000. Dette gjeld også Ask, Storm og Trym. Hovudtyngda av dei einstava nordiske namna var på topp innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Gard frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gard frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg