Fredrik er eit mannsnamn som også var brukt i norrønt (Friðrekr). Namnet går tilbake til gammalhøgtysk Frithu-ric der forleddet tyder ‘fred’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.
Fredrik
Kjende personar med namnet Fredrik
Eit utval personar med namnet Fredrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Fredrik 1. Barbarossa (1122–1190)
- Fredrik 3. den vise (1463–1525)
- Fredrik 2. (den store) (1712–1786)
- Johan Fredrik Eckersberg (1822–1870)
- Fredrik Stabel (1914–2001)
- Fredrik A. Kayser (1924–1968)
- Fredrik Bull-Hansen (1927–2018)
- Fredrik Barth (1928–2016)
- Fredrik Torp (1937)
- Niels Fredrik Dahl (1957)
- Fredrik Aukland (1978)
- Fredrik Backman (1981)
Namnestatistikk
I 2022 var det 14 702 menn i Noreg som hadde Fredrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Fredrik var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 77 gutar som fekk namnet Fredrik.
Utvikling i bruk av namnet
På 1800-talet var Fredrik mest brukt i perioden 1865–84, og frå 1970-åra fekk namnet eit sterkt oppsving til ein topp 1990–95. Ein liknande kurveprofil har også ein del andre tyske – og nedertyske namn – til dømes Albert, Anton, Didrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Fredrik var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Fredrich.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.