Fortun
Fortun.

Fortun er eit sokn omkring inste del av Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland fylke.

Fortun kyrkjestad ligg i Fortundalen, like sør for munningen av Bergsdalen frå aust. Fortun kyrkje er ei nygotisk langkyrkje i tre som vart bygd i 1879. Fortun stavkyrkje vart riven i 1883 og gjenreist i Bergen (Fantoft stavkyrkje).

Riksveg 55 Soknefjellvegen går gjennom Fortun, han vart utbetra til moderne standard i 2014. Staden har turisttrafikk på sommaren, men vegen er stengd på vinteren.

Namnet siktar til at Fortun ligg framfor (nedanfor) garden Opptun.

Kart

Fortun
Fortun
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg