Tittelblad

Forfengelighetens marked, originaltittel Vanity Fair, er tittelen på William Thackeray sin mest kjende roman, som blei utgitt som serie frå 1847, og så som bok i 1848.

Faktaboks

Etymologi
engelsk Vanity Fair
Forfattar
1660

Tittelen er lånt frå John Bunyan, der Vanity Fair er namnet på ein by dei reisande i Pilgrim's Progress må dra igjennom, og der dei får ublid behandling. Bunyan sin marknadsby blei ein allegori på det fåfengde i å jakte på penger og varer.

Thackeray nyttar denne jakta som grunnlag for ei fortelling om to kvinner, den uskuldige og enkle Emmy Sedley som berre vil gifte seg med kjærasten, og den livlege, men intrigerande Becky Sharp, som jaktar på rike menn.

På film

Vanity Fair 1911
Vanity Fair 1923

Romanen er filmatisert fleire gonger sidan den tidlege stumfilm-perioden, til dømes i 1911 og 1923. Der er Vanity Fair-filmar frå 1932 (Chester M. Franklin) og 2004 (Mira Nair), og i 1935 kom Rouben Mamoulian sin versjon med tittelen Becky Sharp. Det er også blitt laga miniseriar for fjernsyn i 1956, 1967, 1987 og 1998. Aller nyast er ein miniserie fra 2018 med Olivia Cooke i hovudrolla.

Dessutan har «Vanity Fair» vore brukt som namn på ulike britiske og amerikanske magasin sidan midten av 1800-talet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg