Fokstumyra naturreservat

Utsikt mot Fokstugu. I bakgrunnen Fokstumyra naturreservat og Snøhetta. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Fokstugu er ein fjellgard i Dovre kommune, Innlandet. Fokstugu ligg på 952 meter over havet. Nordvest for garden ligg Fokstumyra naturreservat. Fokstua er også ein nedlagd stasjon på Dovrebanen.

Faktaboks

Også kjend som

Fokstua

Etymologi

navn etter elva Foksåe

På Fokstugu har det vori fjellstue sidan mellomalderen. Den opphavlege fjellstua låg ved den gamle kongevegen over Dovre, og vart brent i 1718 under Den store nordiske krigen. Fjellstua vart deretter flytt dit ho ligg nå. I 1931 selde staten fjellstua og garden til den daværende brukaren. Dagens Fokstugu fjellstue ved E6 er ei privateigd turisthytte. Her er det aktiv gardsdrift på over 950 meter over havet. Gardsbruket har 277 dekar dyrka mark (2019) og 4500 dekar vidde og anna areal.

Kart

Fokstua
Fokstua
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg