Lord of the Flies, originalutgave
Foto av den engelske førsteutgaven av William Goldings The Lord of the Flies, utgitt på Faber i 1954
Lord of the Flies, originalutgave
Av /NTB.

Fluenes herre er ein roman av nobelprisvinnaren William Golding. Den engelske originaltittelen er Lord of the Flies, og romanen blei først utgitt i 1954. Ei norsk omsetjing ved Inger Hagerup kom i 1960. Romanen vart ein global bestseljar og er omsett til ei lang rekke språk – den engelske utgåva åleine er seld i over 25 millionar eksemplar.

Faktaboks

Originaltittel

Lord of the Flies

Forfattar

William Golding

Forlag
Faber
Utgjevingsår
1954

Fluenes herre er ei moralsk forteljing eller ein fabel om ein flokk gutar som gjennomgår ei negativ utvikling som fører til vald og drap. Romanen er blitt karakterisert som ein dystopi sidan han skildrar eit skrekksamfunn i miniatyr. Han har også har trekk av parabelen sidan handlinga er fleirtydig og tematikken meir kompleks enn lesaren først får inntrykk av.

Handling og plot

Plottet tar til med at under ein krig overlever ei gruppe britiske gutar eit flykrasj på ei aude øy i Stillehavet. Ralph har ein naturleg autoritet som gjer at gutane vel han til leiar. Men samarbeidet for å overleve som Ralph prøver å få til, strandar på grunn av rivalen Jack. Jack og dei av gutane som følgjer han, skaper ein prosess som etter kvart endar i barbari.

To andre personar som bidrar til å utvikle plottet, er ein feit gut med kallenamnet «Piggy» og Simon. Brillene til Piggy set gutane i stand til å lage eld, men Jack stel brillene og brukar dei destruktivt. Simon er ein stille, sensitiv gut som ikkje deltar i rituala som gjengen til Jack etter kvart utøver. Rituala inneber tilbeding av eit grisehovud på ein stake. Denne «fluenes herre» er Beelsebub, som er eit bibelsk namn på djevelen. Namnet går tilbake til det hebraiske Baal-Sebub, som betyr 'Fluenes herre', og som ifølgje andre Kongebok er namnet på ein filisteisk orakelgud i Ekron.

Til slutt i romanen møter Ralph, som spring for livet for å sleppe unna Jack og folka hans, ein marineoffiser som har gått i land på øya, og som sjokkert blir vitne til valden som gutane utøver mot kvarandre. At denne vaksne personen plutseleg dukkar opp, viser at fabelen eigentleg ikkje har nokon lykkeleg slutt; hadde ikkje offiseren gripe inn, ville sannsynlegvis også Ralph ha blitt drepen.

Ein pessimistisk fabel

Fluenes herre er ein etisk fabel som effektivt og lesarengasjerande viser korleis romanpersonane handlar ut frå ulike verdiar. Golding moraliserer ikkje, men han set gode handlingar (som Ralphs forslag om å lage røyksignal slik at skip som passerer øya, kanskje kan oppdage dei) opp mot vonde (som vald og drap som Jack og gjengen hans utøver). Romanen uttrykkjer ein metafysisk pessimisme som minner om Joseph Conrad, som Golding var påverka av, og han har også tematiske tilknytingspunkt til kulturpessimismen i T. S. Eliots dikt The Waste Land (1922). Denne pessimismen, som særleg gjeld det moderne menneskets valdsbruk og vonde handlingar, blir for Golding forsterka av to verdskrigar og av holocaust. Han er også påverka av valdsbruk i den europeiske imperialismen.

Kritikk av robinsonadetradisjonen

Fluenes herre går i dialog med to klassiske reiseforteljingar i engelsk litteratur, Daniel Defoes Robinson Crusoe (1719) og R. M. Ballantynes Koralløya (1857). Defoes hovudperson er ein britisk mann som lir skipbrot og må klare seg åleine på ei ukjend øy. Defoes framstilling av Robinsons evne til å overleve under primitive forhold har gjort boka legendarisk, noko namnet til realityserien Robinsonekspedisjonen spelar på.

Handlinga i Fluenes herre utfordrar den i Robinson Crusoe ved å stille spørsmål ved ein kvit manns evne til å meistre situasjonen på den ukjende øya slik Robinson gjer. Endå tydelegare utfordrar Golding Ballantynes Koralløya (1857), som representerer victoriatidas syn på den kvite mann (og kvite tenåringsgutar) som den overlegne «rasen» på jorda.

I Koralløya reddar hovudpersonane Ralph (15 år og førstepersonsforteljar), Jack (18 år) og Peterkin (14 år) seg i land på ei øy i Polynesia etter eit skipbrot. Her blir dei oppdagarar og skattejegerar samtidig som dei innfører den vestlege sivilisasjonen til dei innfødde. Ungdomsromanen til Ballantyne hadde ein sterk lesarappell, og i Storbritannia og mange andre land – inkludert Noreg – var Koralløya framleis ei populær gutebok på 1950-talet. I barne- og ungdomslitteraturen er ho det til dels framleis.

Koralløya er ein robinsonade, ei forteljing som inspirert av Defoes Robinson Crusoe presenterer (og inviterer lesaren til å identifisere seg med) personar som klarer å overleve under isolerte og utfordrande forhold. Andre bidrag til denne sjangeren inkluderer Jules Vernes Den hemmelighetsfulle øya (1875, omsett til norsk i 1876) og Oluf Vilhelm Falck-Ytters Haakon Haakonsen. En norsk Robinson (1869, filmatisert av Nils Gaup i 1990).

Fluenes herre imøtegår robinsonadetradisjonen. Der Koralløya er idyllisk, er Fluenes herre anti-idyllisk. Der Ballantine er optimistisk på vegne av mennesket (og særleg den kvite mannen), er Defoe pessimistisk. Det er ikkje tilfeldig at Ralph og Jack er namn på to av hovudpersonane i begge bøkene. Og offiseren som til slutt går i land på øya, viser til Koralløya.

Seinare reiseforteljingar som på ulike måtar har vidareført og nyansert dei anti-idylliske aspekta ved Goldings roman, er mellom anna Sven Wernströms De hemmeliges øy (1966), Michel Tourniers Vendredi ou les limbes du Pasifique (1967) og J. M. Coetzees Foe (1986). Gjennom ulike former for dialog med og kritikk av Defoes Robinson Crusoe og Ballantynes Koralløya illustrerer Fluenes herre og bøkene til Wernström, Tournier og Coetzee variantar av intertekstualitet.

Kritikken av robinsonadetradisjonen i Fluenes herre inkluderer ei kritisk haldning til britisk (og vestleg) imperialisme. Då romanen kom ut i 1954, var mange koloniar i ferd med å lausrive seg frå Storbritannia. Støtten som romanen indirekte uttrykkjer til denne historiske prosessen, blir tydelegare dersom lesaren relaterer ho til Koralløya. Goldings kritiske haldning til vestleg imperialisme er primært skapt av reaksjonen hans på valdsbruk mot andre menneske. At valdsofferet som regel er fysisk svakare enn personen som utøver vald, bidrar til at valdsutøvinga slik Golding presenterer ho i Fluenes herre, framstår som destruktive, vonde handlingar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael (2013). A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave Macmillan.
  • Brantlinger, Patrick (2009). Victorian Literature and Postcolonial Studies. Edinburgh: Edinburgh University Press.
  • Gregor, Ian og Mark Kinkead-Weeks (1984). William Golding: A Critical Study. London: Faber and Faber.
  • Kutzer, M. Daphne (2000). Empire's Children: Empire and Imperialism in Classic British Children's Books. London: Routledge.
  • Marcus, Laura og Peter Nichols (red. 2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Philips, Richard (1996). Mapping Men & Empire: A Geography of Adventure. London: Routledge.
  • Tiger, Virginia (1974). William Golding: The Dark Fields of Discovery. London: Marion Boyars Publishers.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg