Faktaboks

Uttale

flora

Etymologi
norrønt flóðr eller flór, ‘strøm eller gjennomstrømning’
Også kjend som

Flore, Flora

Innbyggjartal
9015 (SSB, 2023)
Landareal
6,8 km²
Tettstadsnummer
5501 Florø
Florø.

Kart over Florø. 1) Rådhus. 2) Florø kirke. 3) Samfunnshus. 4) Busstasjon. 5) Idrettshall. 6) Kleven Florø.

Av /KF-arkiv ※.
Florø.

Florø. Utsikt over tettstedet Florø. I forgrunnen havnen og den bymessige bebyggelsen. Midt i bildet Storevatnet, i bakgrunnen Solheimsfjorden.

Av /NTB Scanpix ※.

Florø er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 6,8 km², og har 9015 innbyggjarar (2023).

Florø er Noregs vestlegaste by. Florø var fram til 2020 administrasjonssenter i dåverande Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er no administrasjonssenter i Kinn saman med Måløy.

Historikk

Tettstaden var eigen ladestad frå 1860 til 1964. Florø ligg på øya Florelandet, ytst mellom Botnafjorden og Solheimsfjorden. I dag blir òg vestdelen av Brandsøy rekna som ein del av tettstaden Florø. Ladestaden vart opprinneleg oppretta på grunn av det rike sildefisket.

Næringsliv

Florø er ein industri- og administrasjonsstad. Industrien er dominert av verftsindustri (Kleven), fiskeindustri med mellom anna oppdrett og eksport av laks, eksport av sild og makrell, fiskefôrfabrikk og fiskeforedlingsfabrikk. Elles er det oljerelatert industri knytta til oljebasen Fjord Base. Florø hamn er godt utbygd, og har mellom anna svært stor kapasitet for frysekonteinarar.

Offentlege etatar

Florø fra Likkjeåsen.

Florø.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

I tillegg til kommuneadministrasjonen er det sjukehus, vidaregåande skule, skipskontroll for Det Norske Veritas og politi. Florø lufthamn opna i 1971. Flyplassen har eigen helikopterbase for trafikk til plattformar i Nordsjøen.

Florø Radio, som tidlegere var ein av dei største på Vestlandet, vart lagt ned 1. januar 2018. Kystmuseet i Sogn og Fjordane opna i 1985.

Namn

Nemnet kjem av norrønt flóðr eller flór, 'straum eller gjennomstrøyming.

Kart

Florø
Florø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hole, E.M. Florø gjennem 75 år: En utsikt over byens historie 1860–1935, 1935.
  • Thingnæs, Magnus (red.). Florø: Norges vestligste by: 100 år, 1960.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg