Fitjar

Kommunevåpen

begrenset

Plassering

© KF-bok - begrenset

Fitjar sentrum

© Fitjar kommune - begrenset

Fitjar, kommune i Hordaland fylke, nordvest i Sunnhordland, ligg på ca. 350 øyer, holmar og skjer på sørsida av Selbjørnsfjorden, som går inn frå havet nord for Bømlo og Stord. Mesteparten (114 km2) av Fitjar ligg på den nordvestlege delen av øya Stord. Grenseregulering med Austevoll kommune i 1964 - landareal (på Selbjørn og Huftarøy) nord for Selbjørnsfjorden  gjekk til Austevoll, og grenseregulering med Bømlo kommune 1995, der øyane Aga og Agasøster i aust og Vikøy og Gisøy i nord vart overførte til Bømlo (ca. 16 km2).

Natur

Berggrunnen består av omdanna kambrosilurisk skifer (fyllitt) i dei sentrale strøka av Fitjar sin del av øya Stord, elles av kaledonske magmabergartar som har trengt seg gjennom fyllitten i dei øvrige delane av kommunen. Desse områda er dei mest berglendte og når høgast på vestsida av Mehammarsåto (676 moh.) på grensa til Stord kommune. Omkring tettstaden og administrasjonssenteret Fitjar, i fyllittområdet, er eit ope lågland. Øyane i vest er lågee og farvatnet mellom dei ureint.

Busetnad

Om lag 46 % av kommunen sine innbyggjarar bur i kommunen sin einaste tettstad, administrasjonssenteret Fitjar (1318 innb. 2007) nordvest på øya Stord. Busetnaden elles finst for det meste langs vestkysten av Stord. I vest ligg hyttefeltet Kråko.

Næringsliv

Utanom offentleg administrasjon er industrien viktigaste næring i Fitjar. Viktigast er verkstadsindustrien. Store arbeidsplassar er Fitjar mekaniske (skip), Engevik & Tislevoll (trelast), Wartsila (skipsdesign), Fjelltvedt (dør og vindauge). Mange dagpendlar til Aker Stord i nabokommunen. Primærnæringane har også mykje å seia. Jordbruket vert dominert av storfe- og sauehald. Fitjar ligg som nr. 2 etter Austevoll i Sunnhordland når det gjeld ilandført kvantum fisk. Frå 2011 har Midtfjellet Vindkraft sett opp 44 vindmøller på Fitjarfjellet.

Samferdsel

E 39 på austsida og Rv. 545 på vestsida av Stord fører til trafikknutepunktet Leirvik søraust på øya. Fergestaden Sandvikvåg i Fitjar har hyppig bilfergesamband med Husavik i Austevoll kommune og Bergenshalvøya (Sandvikvåg–Halhjem). Hovudtyngda av trafikken mellom Bergen, Sunnhordland, Haugesund og Stavanger går over Sandvikvåg. Trekantsambandet, som er ein del av kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim, gir fastlandssamband for Bømlo, Stord og Fitjar kommunar. 

Offentlege institusjonar

Fitjar svarar til Fitjar sokn i Fitjar prestegjeld, Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme, Fitjar lensmannsdistrikt i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og høyrer under Sunnhordland tingrett. I Fitjar ligg Hordaland fylkeskommune sin vidaregåande skule, Fitjar vidaregåande skule (frå først av Amtsskulen og seinare Fitjar husmorskule).

Historikk og kultur

Gravrøysa Rimsvarden er truleg frå bronsealderen. Fitjar er nemnt i Snorres kongesoger. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike i Hafrsfjord, vart stormannsgarden Fitjar kongsgard. Garden var krungods til han vart seld i 1665. Sonen Håkon den gode fekk banesåret sitt i kamp mot Eirikssønnene her (961) . Fitjar kyrkje, langkyrkje i tre, bygd 1867. Framfor kyrkja står Anne Grimdalen si minnestøtte av Håkon den gode. Kong Olav V avduka denne 18.juni 1961.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (utforma av den lokale kunstnaren Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra, teke i bruk noko seinare) har ein gullhjelm mot ein blå bakgrunn. I følgje Snorre bar Håkon den Gode ein forgylt hjelm i slaget på Fitjar 961.

Namnet er fleirtal av norrønt fit, 'frodig grasmark', særleg ved vatn.

Anbefalt lenkje

    Forfattere av denne artikkelen

    Det er gjort 21 revisjoner og har kommet 1 forbedringsforslag.

    Funnet en feil? Foreslå endringer

    Fagansvarlig for Fitjar

    Magnar Kloster

    Fagansvarlig har ansvar for å:

    • Vurdere endringsforslag fra leserne
    • Svare på spørsmål i kommentarfeltet
    • Skrive nye artikler
    • Forvalte og oppdatere gamle artikler

    Vil du bli fagansvarlig?

    Kommentarer

    Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

    Du må være logget inn for å kommentere.