Faktaboks

Finn Øglænd

Finn Helge Øglænd.

Fødd
7. oktober 1957, Stavanger, Rogaland
Finn Øglænd.
Av /Samlaget.

Finn Øglænd er ein norsk poet, prosaforfattar, omsetjar og litteraturkritikar.

Bakgrunn

Finn Helge Øglænd er fødd i Stavanger i Rogaland. Han har gjennomført Forfattarstudiet i (no Universitetet i Søraust-Noreg) og har vore lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Forfattarskap

I 1983 debuterte Øglænd med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Den neste diktsamlinga kom i 1985, og same året debuterte Øglænd som romanforfattar med boka Mannen utan ansikt, som han vann Samlagets romankonkurranse med. I 1992 kom den første barneboka, Mannen med dei grøne fingrane, og i 1998 den første ungdomsboka, Fem dagar, fire netter.

Medrekna gjendiktingar har han skrive meir enn 40 bøker. Øglænd har skrive eitt skodespel, Berre ikkje noko skjer (1999). Den store produksjonen har ikkje gått på kostnad av kvaliteten i bøkene til Øglænd. Særleg held lyrikken høg og jamn kvalitet. Øglænd har dessutan vore redaktør for fleire antologiar.

Ungdomsbøkene

Ungdomsbøkene skildrar gjerne outsiderrolla, oftast ein gut og i nokre tilfelle ei jente, som står utanfor den gruppa han eller ho gjerne vil høyre til. Tekstane er prega av melankoli og lengt, men det tunge og vanskelege er stundom opplyst av humor. Tenåra er i desse bøkene skildra utan romantisering eller nostalgi, dei utgjer ei individuell brytingstid, der barnet syner konturar av sin vaksne identitet. Øglænd skriv tett på hovudpersonane og rører seg mot avgjerande situasjonar for den personlege utviklinga. Slik syner Øglænd at tekstar mynta på ei avgrensa målgruppe kan ha universell litterær verdi, sidan alle vaksne har vore ungdomar ein gong og kan kjenne seg att i det Øglænd skildrar.

Lyrikken

Det er likevel som lyrikar Øglænd har gjort seg mest kjend. Han har skrive konkrete dikt om dei menneskelege vilkåra. I tidlege bøker skildrar det einskilde diktet gjerne ein daglegdags situasjon, slik som ein samtale mellom to personar, ein observasjon av eitkvart som ligg føre, eit kunstverk, eit stykke natur, eller ein assosiasjon frå enkle observasjonar som gir overraskande refleksjon.

Å plassere Øglænd innanfor ein bestemt poetisk skule eller epoke er å redusere nedslagsfeltet den poetiske skaparkrafta hans hentar råstoffet sitt frå. Dikta hans syner eit stort poesihistorisk medvit, men den formelle fridomen høyrer mest heime under eit vidfemnande modernistisk paradigme, med opningar mot vedkjenning, eksistensialisme og konkretisme. Etter kvart har Øglænd i dikta sine skrive seg fram mot ei større merksemd retta mot diktinga sjølv, som prosess og resultat, haldning og konsekvens.

Der andre forfattarar gjerne publiserer essaysamlingar som fortel om deira syn på litteraturen, har Øglend innarbeidd mykje av litteratursynet sitt i lyrikken. Særleg tydeleg er dette i diktsamlingane frå og med Poesi er for desperados frå 2001. Ein kan lese dikta som ei utvikling der tru på diktinga skiftar med tvil, og ei gjennomleving av denne tvilen, med sjølvironi og ikkje reint lite humor, styrkjer lesaren i trua på det poetiske prosjektet til forfattaren. Dette gjeld sjølv når han hevdar at poesi ikkje er for vår tidsalder, og slett ikkje for Noreg.

I denne diktprosessen har Finn Øglænd utvikla ein særeigen litterær sjølvmordsteknikk, der diktet ved å bryte med sine eigne føresetnader, samt poetiske og presist velfungerande strofer, fortel at poesi ikkje er mogleg. Dementi og stadfesting går dermed opp i ei ny eining, der det diktet seier og den praksisen det representerer utgjer eit tvisyn eller opnar eit større forståingsrom i teksten, enn det den argumentative essayistikken har kraft til å gjere.

Såleis kan ein lese ein poetikk ut av poesien til Finn Øglænd. Det er ikkje ei statisk oppskrift på litteratur, men heller eit synspunkt i rørsle. Det er ei utvikling som går i takt med den opplevinga diktaren har av kva kår lyrikken lever under i samtida. Finn Øglend er ein poet som overraskar med nye vendingar, og som syner at humor også har ein plass i poesien, ikkje som tull eller underhaldning, men som ei understreking av alvoret.

Bibliografi

  • Høymolesong (Lyrikk, Solum, 2020)
  • Ingentings barrikader (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2016)
  • Posisjonar 2012 (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2013)
  • Lirum larum (Lyrikk, Samlaget, 2011)
  • I den kalde molda brenn eit bål (Lyrikk, Samlaget, 2008)
  • Svarte sjeler (Roman, Samlaget, 2007)
  • Eksil (Roman, Samlaget, 2006)
  • Det nye dyrealfabetet (Lyrikk for barn og ungdom, Wigestrand Forlag, 2005)
  • Opphav (Lyrikk, Samlaget, 2004)
  • Amok (Ungdomsbok, Samlaget, 2004)
  • Rebell (Ungdomsbok, Samlaget, 2003)
  • James Wright: Greina brotnar ikkje (Gjendiktning, Samlaget, 2003)
  • Dikt mot det nødvendige (Lyrikk, Samlaget, 2002)
  • Stina på månen (Barnebok, Samlaget, 2002)
  • Poesi er for desperados (Lyrikk, Samlaget, 2001)
  • Så lenge alltid varer (Ungdomsbok, Samlaget, 2001)
  • Hjartets protokollar (Kortprosa, Samlaget, 2000)
  • Dei penaste jentene på TV (Ungdomsbok, Samlaget, 2000)
  • Dei sju dødssyndene (Prosa, Samlaget, 2000)
  • Passe hard, passe mjuk (Ungdomsbok, Samlaget, 1999)
  • Vers på tvers (Barnebok, Damm, 1999)
  • Berre ikkje noko skjer (Dramatikk, Solum, 1999)
  • Ubotelege rørsler (Lyrikk, Samlaget, 1999)
  • Sjelefred (Roman, Samlaget, 1998)
  • Fem dagar, fire netter (Ungdomsbok, Samlaget, 1998)
  • Mortifikasjon (Lyrikk, 1997)
  • Om å skrive skjønnlitteratur (red) (Sakprosa, Samlaget, 1997)
  • Mark Strand: Svarte kart (Gjendiktning, 1996)
  • Ramle- og skramlevers (Lyrikk for barn og ungdom, 1995)
  • Charles Simic: Hjulet snakker når det går. (Gjendiktning, Samlaget, 1995)
  • Dikt i utval : 1985-1992 (Lyrikk, Samlaget, 1994)
  • Dyra i Halvferdigskogen (Barnebok, Samlaget, 1994)
  • Den nye poesihandboka (Lyrikk, Samlaget, 1994)
  • Hjarteblod (Roman, Samlaget, 1993)
  • Ei fjør i hatten (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1993)
  • Mellomrom (Roman, Solum, 1992)
  • Mannen med dei grøne fingrane (Barnebok, Samlaget, 1992)
  • Eugene Guillevic: Den nærsynte horisonten (medf) (Gjendiktning, Samlaget, 1992)
  • Underlege gjerningar (Lyrikk, Samlaget, 1991)
  • Auge i stein (Lyrikk, Samlaget, 1990)
  • Exit (Lyrikk, Samlaget, 1989)
  • Opp i røyk (Lyrikk, Samlaget, 1988)
  • Pariserloff (Roman, Samlaget, 1988)
  • Fransk poesi: Livet er enkelt og greit (medf) (Gjendiktning, Samlaget, 1988)
  • Hengt manns himmel (Lyrikk, Solum, 1987)
  • Den niande himmelen (Lyrikk, Samlaget, 1986)
  • Flammande mørke (Lyrikk, Gyldendal, 1985)
  • Mannen utan ansikt (Roman, Samlaget, 1985)
  • Det opplyste landskapet (Lyrikk, Gyldendal, 1983)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (1)

skreiv Finn Øglænd

Angående artikkelen om meg selv: Jeg har aldri gitt ut noe verk med tittelen "Opus 10". Så da tror jeg ikke artikkelen er så "kvalitetssikret" som det påstås.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg