Framsida til Ferdaminni, fyrste hefte i 1861. Biletet har falle i det frie.
.
Lisens: fri

Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er ei reiseskildring av Aasmund Olavsson Vinje, fyrst utgjeven i 1861. Tittelen er modernisert i seinare utgåver, og verket blir no ofte omtala som berre Ferdaminne.

Faktaboks

Også kjend som

Ferdaminni fraa Sumaren 1860, Ferdaminne frå sumaren 1860, Ferdaminne frå sommaren 1860

Ferdaminne er det første større verket skrive på landsmål (nynorsk) i det heile. Det vart utgjeve i to hefte, i februar og juli 1861. Det fyrste vart sendt ut til abonnentane av vekeavisa Dølen, som erstatning for dei nummera som ikkje kom ut, medan redaktøren (Vinje) var på reisa han rapporterer frå i boka. Det andre måtte dei betale for. Framstillinga vekslar mellom dikt og prosa. I 1967 vart Ferdaminne innlemma i samleverket Noregs nasjonallitteratur.

Handling

Aasmund Olavsson Vinje

Ferdaminni frå sumaren 1860 er en reisebeskrivelse av Aasmund Olavsson Vinje, publisert i 1861. Portrett av forfatteren, ca. 1867.

Aasmund Olavsson Vinje
Av /Nasjonalbiblioteket.

Ferdaminne tyder «reiseminne». Minna er forfattarens eigne, og dei er berre nokre månader gamle. Målet for reisa er kroninga av Karl IV (kalla Karl XV i Sverige) i Trondheim. Forfattaren går stort sett til fots. På heimvegen blir forteljinga avbroten halvvegs nede i Gudbrandsdalen, truleg fordi Vinje då hadde fylt dei spaltene han hadde til rådvelde.

Forteljinga om det forfattaren ser og opplever på turen, og menneska han møter, utgjer grunnstrukturen i verket. Samstundes teiknar han eit utførleg bilete av seg sjølv som reisande resonnør. Denne resonnøren måtte lesarane straks kjenne att som «Dølen», norsk offentlegheits mest rabulistiske og paradoksalt vittige figur.

Sjølv om forteljinga dominerer framstillinga, kan Ferdaminne også lesast som essaysamling. I det fyrste kapittelet diskuterer forfattaren den epokegjerande jernbanen («Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom»); i det andre det moderne jordbruket; i det tredje samanliknar han svensk og norsk skikk, og så vidare. Dei emna han tek opp, var svært aktuelle i samtida, og behandlinga av dei kan i ei viss grad minne om sosiologiske oppteikningar à la Eilert Sundt sine. Vinje veit dette godt og trekkjer seg: «Eg vil ikki tapa i Tevling.» Like fullt skriv Vinje på ein måte som lyftar teksten ut av den dagsaktuelle debatten og inn i essaylitteraturen. I kapittelet om «Grauten paa Grut» skildrar han nasjonalt kosthald med feirande ironi: «det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjenom Ovnspipa.» I kapittelet «Hovudstadsfolk» utlegg han det «tvisynet» som har bidrege til ryet hans: evna til å sjå «liksom Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunne liksom graata med det eine Augat og læ med det andre».

Ofte verkar det klart at forfattaren prioriterer retorisk effekt over påliteligheita. Faktisk inneheld Ferdaminne tekstlege element som peikar mot roman- og novellesjangrane. Som helten i ein roman, dyrkar den reisande forelskinga. Han får stadige glimt av ei jente («Drosi»), som han til slutt blir sameint med, om enn på skuffande allegorisk vis.

Mange har påpeikt naturskildringane og dei lyriske dikta som dei desiderte høgdepunkta i verket. I Østerdalsfjellet kjenner Vinje att landskapet frå barndommen: «No seer eg atter slike Fjøll og Dalar/ som deim eg i min fyrste Ungdom saag».

Sjanger

Som tittel var «Reise-Minder» eller «Reise-Erindringer» godt etablert på dansk i 1860. Utgjevingar av denne typen kunne òg kombinere vers med prosa. Likevel peikar allereie den første meldaren på sambandet til Heinrich Heine sine Reisebilder (1826–1831), som Vinje kjende godt. I 1856 hadde han skrive nekrolog over Heine: «At læse ham er, som det må være for Kineserne at røge Opium.» Labyrinthen (1792–1793) av Jens Baggesen er ein annan forløpar i den «subjektive» varianten av sjangeren.

Mottaking

Dei best kvalifiserte meldingane fekk Vinje av den gamle vennen sin Paul Botten-Hansen i Illustreret Nyhedsblad. Botten-Hansen framhevar den ironiske sjølvframstillinga og den «lungerystende» humoren: Vinje som «Fritænker» og forelska romanfigur. Dagsavisene gav han berre motvillig omtale.

Som bok vart Ferdaminne fyrst utgjeven i 1871, året etter at Vinje døydde. Den fyrste skuleutgåva kom i 1911. Frå midten av hundreåret overtok Ferdaminne hegemoniet til Storegut som pensum. Til 150-årsjubileet i 2010 bidrog Jon Severud med si Gjenreise. I Severuds bok blir forskinga om verket samanfatta på «dølsk» vis, den litteraturvitskaplege, så vel som den lokalhistoriske.

Tittelen i endring

  • Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1860-1861)
  • Ferdaminne fraa sumaren 1860 (1923)
  • Ferdaminne frå sumaren 1860 (1942)
  • Ferdaminne frå sommaren 1860 (1973)

I nye utgåver er tittelen vanleg vis Ferdaminne frå sumaren 1860.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Tekstutgåver

  • Faksimileutgave frå Dølen (1973), utg. Reidar Djupedal, bd 4, Oslo.
  • Skrifter i Samling (1993 [1921]), utg. Olav Midttun, bd 4, Oslo.
  • Skrifter i Samling. Folkeutgåve [språkleg normalisert] (1942), utg. Olav Midttun, bd 4, Oslo.
  • Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (2010), Oslo.

Litteratur

  • Alvsen, Ruth (1960), Ferdaminni 100 år etter, Skien.
  • Botten-Hansen, Paul (1860 og 1861), [førehandsomtale og melding], Illustreret Nyhedsblad, nr 36 (1860), s. 154–55; nr 5 (1861), s. 24; nr 31 (1861), s. 131–32.
  • Braset, Leif (1987), «Vinjes Malene», Arbeidets Rett 28.08.1987.
  • Dalgard, Olav (1960), «Vinje i Oppdal», Opdalingen 31.07.1960.
  • Djupedal, Reidar (1973), «Meisterstykket», føreord til faksimileutgåve av Dølen, bd 4, Oslo, upaginert.
  • Djupedal, Reidar (1969), «Innleiing», i Aasmund Olavsson Vinje, Ferdaminni fraa Sumaren 1860, Bergen, s. III–XIII.
  • Fløgstad, Kjartan (2010), «Innleiing», i Aasmund Olavsson Vinje, Ferdaminni fraa Sumaren 1860, Oslo, s. 7–12.
  • Grønoset, Dagfinn (1960), I Vinjes fotspor, Oslo.
  • Gullvåg, Kåre (1943), «ʻFerdaminne’ og samtidslitteraturen», Austland.
  • Hohle, Per (1955), «Aasmund Olavsson Vinje paa seterbesøk», Jakt–fiske–friluftsliv 11–12.
  • Haarberg, Jon (1985), Vinje på vrangen, Oslo, særl. s. 63–69 og 84–87.
  • Johannesen, Ole R. (1948), «I Vinjes fotefar», Hamar og Hedmark Turistforening. Årbok, s. 54–60.Midttun, Olav (1925), «Vinje i ʻNo ser eg atter slike fjell og dalar’», i Heidersskrift til Marius Hægstad, Oslo.
  • Midttun, Olav (1928), «Fjellferdene og naturkjensla aat Vinje», Den Norske Turistforening. Årbok , s. 34–49.
  • Midttun, Olav (1949), «Vinje og Øysterdalen. Kvar dikta Vinje: ʻNo ser eg atter slike Fjøll og Dalar?’», Den Norske Turistforening. Årbok, s. 41–55.
  • Midttun, Olav (1960), «Vinje i ʻNo ser eg atter slike Fjøll og Dalar’», Syn og Segn, s. 438–46.
  • Midttun, Olav (1966), «Aasmund Vinje i lag med glåmdøler», Årbok for Glåmdalen, s. 11–29.
  • Midttun, Olav (1967), «Innleiing» til Ferdaminne frå sumaren 1860, Norges nasjonallitteratur, bd 12, Oslo, s. VII–XVII.
  • Midttun, Olav (1973), «Innføring», i A.O. Vinje, Ferdaminne frå sommaren 1860. Skuleutgåve med merkader, Oslo, s. 233–37.
  • Norheim, Bjarne (1958), «Huslyden som Vinje kvilde hos i Sollia», Årbok for Glåmdalen.
  • Nygaard, Mette (1993), «Ferdaminni som pilegrimsberetning», i Lars Roar Langslet og Jon H. Rydne (red.), Villmann, vismann og veiviser, Oslo, s. 140–58.
  • Severud, Jon (2010), Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O. Vinje, Oslo.
  • Støen, Per (1972), «Da far møtte Vinje», Årbok for Glåmdalen.
  • Trøseid, Hans Marius (1972), «Dei to grannar i Odalen», Årbok for Glåmdalen, s. 57–62.
  • Vesaas, Olav (2001), A.O. Vinje. Ein tankens hærmann, Oslo, s. 229–70.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg