Fed Cup er ei årleg tennisturnering for kvinnelandslag. Fed Cup er òg namnet på vandrepremie i tennis for kvinnelandslag.

Kvar landskamp i Fed Cup omfattar fire singlekampar og éin doublekamp. På same måte som i Davis Cup for menn er nasjonane inndelte i grupper etter tidlegare prestasjonar. Dei to øvste er verdsgrupper, derunder fleire kvalifiseringsgrupper i tre ulike geografiske soner. USA har flest sigrar, med 17 (per 2019).

Ideen om ei eiga kvinneturnering kom i 1919, men Hazel Hotchkiss Wightman møtte motstand mot ideen sin. Frå 1923 innførte ho eit trofé i ein årleg lagkonkurranse mellom USA og Storbritannia. Det tok 40 år før det internasjonale tennisforbundet godtok at turneringa kunne bli verdsomspennande, etter forslag frå Mary Hardwick Hare.

Frå 1962 vart den årlege konkurransen open for lag frå heile verda. Fed Cup vart første gong arrangert i 1963 under namnet Federation Cup ved 50-årsjubileet til Det internasjonale tennisforbundet (International Tennis Federation). Namnet har sidan 1995 vore forkorta til Fed Cup. Om lag 105 land deltok i 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg