Faktaboks

Erich Honecker
Uttale
hˈonecker
Fødd
25. august 1912, Neunkirchen, Tyskland
Død
29. mai 1994, Santiago, Chile
Erich Honecker
Honecker som gjenvalgd partileiar for DDRs sosialistiske einheitsparti (SED), på den 11. partidagen i 1986.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Erich Honecker
Erich Honecker var statsleiar i Aust-Tyskland (DDR) i perioden 1971–1989. Foto frå 1976.
Av /Das Bundesarchiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

Erich Honecker var ein tysk kommunistisk politikar. Han var statssjef i Aust-Tyskland (DDR) i perioden 1971–1989, då han var generalsekretær i det statsberande partiet SED.

Bakgrunn

Erich Honecker
Sommaren 1945 kom Honecker med i krinsen kring Walter Ulbricht, som leia oppbygginga av Berlin i den sovjetisk-kontrollerte sona, og Honecker vart tildelt viktige verv som la grunnlaget for Honecker som komande statsleiar. Foto av Honecker frå 1948.
Av /Deutsche Fotothek.
Lisens: CC BY SA 3.0

Kommunist frå ung alder

Erich Honecker var fødd i Neunkirchen i Saarland i 1912. Foreldra var kommunistar, og Honecker var aktiv i kommunistpartiet KPD (seinare SED) si ungdomsgruppe. Han jobba som dreng og taktekkjar til han i 1930 meldte seg inn i KPD. Frå då av sørgde partiet for livsopphaldet hans.

Etter at Adolf Hitler kom til makta i 1933, organiserte Honecker motstandsgrupper fleire stader i Tyskland. I 1935 vart han arrestert av Gestapo og dømt til ti års tukthus.

Etla til å etterfølgje Walter Ulbricht

Sommaren 1945 kom Honecker med i krinsen kring Walter Ulbricht, som var tilbake i Berlin med mandat frå Moskva om å leie oppbygginga i den sovjetisk-kontrollerte sona. Berlin og Tyskland var etter andre verdskrig delt i sovjetiske, britiske, franske og amerikanske soner. Honecker vart tildelt viktige verv. Han organiserte samanslåinga av KPD og SPD til SED, der han kom med i leiinga, og han fekk plass i det nyoppretta parlamentet og i Politbyrået. Dei politiske verva la grunnlaget for Honecker som komande statsleiar.

Politikk og kald krig

Sigersmaktene si deling av Tyskland og Berlin etter krigen skapte ein spent situasjon mellom sonene i vest og sovjetsona i aust. I den sovjetiske sona vart den sovjet-allierte staten DDR (Aust-Tyskland) grunnlagt i 1949. Under den kalde krigen havna Aust- og Vest-Tyskland på kvar si side. Berlinblokaden klarte ikkje å stogge flyttinga frå aust til vest, der levestandarden var høgare. I 1961 hadde tre millionar tyskarar forlete DDR. SED ville ha slutt på utvandringa, og med Honecker i spissen vart Berlinmuren bygd. Han gjorde det umogleg å krysse grensa til vest, og fluktforsøk var livsfarleg.

Den 16. juni 1953 gjekk arbeidarar i Aust-Berlin til streik, og i andre byar protesterte folk mot varemangel og tvangskollektivisering. Etter få dagar vart folkeopprøret stansa med militærmakt, minst 50 var drepne. Honecker forklarte at oppstanden var eit kuppforsøk som det var naudsynt for styresmaktene å slå ned på.

Honecker som statssjef 1971–1989

Økonomisk politikk

Straks Honecker hadde tatt over som generalsekretær i SED, sette han i gang ein serie sosialpolitiske reformer. Bustad- og barnehagebygging vart intensivert, barnetrygd kom på plass og mødre fekk eitt års løna permisjon. Produksjon av forbruksvarer erstatta den langvarige satsinga på tungindustri, lønene steig og innbyggjarane oppnådde den høgaste levestandarden i austblokklanda.

Reformene kosta. For å byggje opp forbruksvareindustrien måtte staten kjøpe innsatsvarer frå vest. Importen oversteig eksporten, og låneopptak gjorde DDR til eit forgjelda land.

Kulturpolitikk

Honecker kravde at kunst og litteratur måtte byggje på sosialistiske perspektiv. Forfattarar som ikkje skreiv sosialistisk nok vart sensurerte, og samfunnskritiske personar risikerte fengsel. Ei rekkje kunstnarar forlet DDR.

Honecker ville skape ein austtysk identitet. Bruk av vesttyske media var statsfiendtleg, skulen vart renska for kritiske lærarar og familielova forplikta foreldre til å gi borna ei patriotisk oppseding. For å gjere folk krye av landet sitt og styrke samhaldet, satsa regimet på å utdanne idrettsutøvarar på toppnivå.

Dei politiske leiarane nærte mistru til borgarane, og stadig fleire vart overvaka av Stasi. Etter folketalet var den austtyske tryggingstenesta den største i austblokka, irekna Sovjetunionen.

Internasjonal politikk

Honecker oppnådde diplomatiske sigrar. Forsoningspolitikken til Willy Brandt førte til tøvêr mellom aust og vest. I 1973 vart DDR medlem av FN og i 1975 skreiv dei under på Helsingforsavtalen. Sist på 1970-talet var DDR anerkjent av 123 statar, og Honecker utveksla statsbesøk med vestlege land.

Gorbatsjov vart leiar i Sovjetunionen i 1985 og lanserte planar om systemendringar og demokratisering, avviste Honecker reformene som uaktuelle for DDR.

Den 7. oktober 1989 feira DDR 40 år som stat, den 18. oktober vart Honecker tvungen til å gå av.

I ettertid

I 1992 vart Honecker stilt for retten i Berlin, sikta for drap på 190 menneske. For å unnslippe anklagene oppheldt han seg i sovjetisk varetekt på austtysk område. I mars 1991 flykta han til Moskva, der han frå august 1991 oppheldt seg i Chiles ambassade. I 1992 vart han sendt tilbake til Tyskland og stilt for retten. Tiltalen vart fråfallen fordi Honecker var alvorleg sjuk. Han fekk asyl i Chile, der han døydde i 1994.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sabrow, Martin (2016): Erich Honecker: Das Leben davor
  • Ihme-Tuchel, Beate (2010): Die DDR: Kontroversen um die Geschichte
  • Dypvik, Astrid Sverresdotter (2022): Det var DDR: Forteljingar om eit nedlagt land

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg