Eidselva er ei elv i Nome kommune, Telemark, i vestre delen av Skiensvassdraget mellom Nomevatn (60 moh.) og Norsjø (15 moh.). Eidselva er kanalisert for båttrafikk med sluser ved Vrangfoss, Eidsfoss og Ulefoss. Det er kraftstasjonar i Vrangfoss, Eidsfoss og to i Ulefoss, med samla effekt på 63 MW.
Den øvre delen av vassdraget, mellom Flåvatnet (72-69 moh.) og Nomevatn heiter Straumen. Her er det sluser ved Hogga, Kjeldalsfoss og Lundefoss.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.