Faktaboks

Etymologi

Navnet Eide er dativ av eid, her brukt om det smale landstykket mellom Granvinsvatnet og Granvinsfjorden

Også kjend som

Granvin

Innbyggjartal
525 (SSB, 2023)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
5291 Granvin
Granvin
Frå Eide. Mye gamal trehusarkitektur er bevart på Eide.
Granvin
Lisens: CC BY SA 3.0

Eide er ein tettstad i Voss kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 525 innbyggjarar (2023).

Eide er det same som Granvin tettstad. Eide ligg i botnen av Granvinsfjorden, ein nordgåande arm av Hardangerfjorden.

Eide har frå gamalt vore utførselshamn for varer frå Vossabygda. Staden har lange skyss-skaffartradisjonar. Det som i dag er Jaunsens gjestgjevarstad vart bygd mellom 1759 og 1785. Etter at det i 1870 vart opna ubrote vegsamband til Voss, og særleg etter opninga av Granvinbanen Eide-Voss i 1883 kom mye av turiststraumen mellom Bergen og Hardanger over Eide. Passasjertrafikken vart nedlagd i 1985; banen i 1988.

I dag er Eide framleis eit trafikknutepunkt for indre Hardanger med bussamband til mellom anna Voss, Bergen og Kvam. Riksveg 79, som går langs nordsida av Granvinsfjorden/Hardangerfjorden, går gjennom Eide og knyter riksveg 13 like nord for tettstaden saman med fylkesveg 49 i Norheimsund.

Eide var administrasjonssenter i tidlegare Granvin kommune.

Kart

Eide
Eide
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg