Faktaboks

Die Linke

Die Linkspartei, venstrepartiet

Etymologi

tysk ‘venstre’

Logo
Av .

Die Linke er eit politisk parti i Tyskland, danna i 2007. Partiet er sosialistisk og står for antikapitalisme og antifascisme.

Ved vala i 2009, 2013 og 2017 svinga oppslutninga mellom åtte og 11,9 prosent. I 2021 fikk partiet 4,9 prosent og kom under sperregrensa, men utjamningssmandat sikra dei representasjon i Forbundsdagen.

Grunnlegging

Die Linke er ei samanføying av PDS og ei utbrytargruppe frå SPD. I 2005 inngjekk dei eit valsamarbeid for å stanse regjeringa Gerhard Schröder sine velferdskutt. Dei fekk 8,7 prosent av stemmene og vart den fjerde største partigruppa i Forbundsdagen.

I 2007 formaliserte PDS og utbrytargruppa samarbeidet ved å opprette partiet Die Linke.

Politiske saker

Antikapitalisme og antikrig

Eit overordna mål for Die Linke er å avskaffe kapitalismen i Tyskland. Arbeidsfolk skal styre i arbeidslivet, og næringsliv og finansmakt underleggast demokratisk kontroll. Konkret har partiet arbeidt for kortare arbeidstid, lågare pensjonsalder og kraftig oppjustering av trygdeytingar.

I utanriks- og tryggingspolitikken står die Linke for kompromisslaus pasifisme. Dei seier nei til tysk militært nærvær i utlandet, irekna tyske troppar under FN-kommando. NATO må oppløysast og EU endrast frå å tene marknadskreftene til å tene folket. I flyktningpolitikken vil partiet utvide flyktninggrunnlaget til også å gjelde fattigdoms- og klimaflyktningar.

Samarbeid med andre parti

SPD og CDU heldt lenge Die Linke på armlengdes avstand og såg ikkje partiet som ein aktuell regjeringspartnar på forbundsnivå.

Die Linke har deltatt i styre og stell i kommunane, og på delstatsnivå har dei vore med i ei rekkje regjeringskoalisjonar, mellom anna i Berlin, Bremen og Hamburg. I 2014 fekk partiet sin første ministerpresident, Bodo Ramelov, i Thüringen.

I samarbeidet med andre politiske parti har Die Linke vist ei pragmatisk innstilling, med lite rom for prinsipiell åleinegang.

Oppslutning

Die Linke hadde frå starten av sterk oppslutning i Aust-Tyskland, der arbeidsløysa er høgre og levestandarden lågare enn i vest. Flyktningestraumen til Tyskland i 2015 skapte uro hos kjerneveljarar i aust, som frykta konkurranse frå jobbsøkande flyktningar. Ved valet til Forbundsdagen i 2017 tapte Die Linke 430 000 veljarar til det innvandringskristiske Alternativ for Tyskland.

Motsetningar

Russlands åtak på Ukraina i 2022 utløyste nye motsetningar i partiet. Eit fleirtal fordømte invasjonen, eit mindretal forsvara han og kritiserte sanksjonane mot Putin-regimet. Personstriden i partiet er høglydt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg