Didrik er eit nedertysk mannsnamn som svarer til tysk Diet-rich og gammalhøgtysk Theoda-rik. Forleddet tyder ‘folk’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Namnet har fleire variantar: Diderik, Didrik.

Namnedag er 7. august. Doris har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Didrik

Eit utval personar med namnet Didrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 518 menn i Noreg som hadde Didrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 34 gutar som fekk namnet Didrik.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og nokre av dei fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Didrik gjeld dette til dømes Albert, Anton, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Didrik frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Didrik frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Didrik på 1800-talet.

Didrik var mest brukt i Vest-Agder og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Didrik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Didrik var mest brukt i Vest-Agder og Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Didrich.)

Historisk bruk av namnet Didrik
Historisk bruk av namnet Didrik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg