Utvikling i folketalet i Noreg 1735 til 2000
Utvikling i folketalet i Noreg 1735 til 2000. Perioden som blir kalla den demografiske overgangen er markert i gult; i denne perioden dobla folketalet seg på kort tid.
Utvikling i folketalet i Noreg 1735 til 2000
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Vaksinasjon
Meir bruk av vaksinering var ein av årsakane til færre epidemiar og dermed lavare dødstal. Vaksinasjon i Oslo i 1909.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ein konsekvens av folkeauken under den demografiske overgangen var mellom anna utvandringa til Amerika. Om bord på eit emigrantskip omkring 1870.

.

Den demografiske overgangen i Noreg er ein periode i norsk historie frå 1801 til 1875 der folkemengda vart dobla. Denne demografiske overgangen blir rekna som eit grunnleggjande utgangspunkt i nyare norsk historie.

I både Europa og Nord-Amerika er den demografiske overgangen er knytte til det at talet på døde fall kvar månad, medan det høge talet på fødde heldt seg nokså stabilt på slutten av 1700-talet og utetter 1800-talet. Familiane vart meir barnrike, fordi barnedødelegheita vart redusert. Dette skapte ein uvanleg stor folkeauke, før fødselstala mot slutten av 1800-talet gjekk nedover, og etter 1900 meir og meir.

Fertilitetsfallet rundt 1900 er eit avgjerande ledd i det som vert kalla «den demografiske overgangen». Omgrepet uttrykkjer overgangen frå høge dødstal og høg fruktbarheit til det motsette: låge dødstal og låg fruktbarheit.

Den største auken i folketalet i Noreg kom frå 1814 til midten av hundreåret. Rundt 1900 flata vekstkurva ut. I 1865 var folketalet 1,7 millionar, i 1890 2 millionar, og i 1900 budde 2,25 millionar menneske i Noreg.

Fleire folk, men færre ungar

Skilnaden mellom fødde og døde var i første omgang utslagsgivande for folkeauken. Ein annan viktig faktor var den underliggjande fertiliteten (fruktbarheita). Rundt 1860 var det framleis høg fertilitet i Noreg.

Frå midten av 1700-talet byrja dødstala i gjennomsnittsår å gå ned, noko som tyder at folk levde lenger enn tidlegare, sjølv om demografiske kriseår (år med fleire døde enn fødde) motverka veksten. 1790-åra var meir stabile og viser tydeleg det nye mønsteret, men utviklinga vart stogga av nøda under napoleonskrigane. Det at fleire vart fødde og færre døydde tidleg på 1800-talet, førte til den sterke folkeauken seinare det same hundreåret. Den gamle jamvekta mellom døde og fødde vart broten, og befolkninga stanga mot eit ressurstak. Dermed vart det viktig å halde fødselstalet i sjakk.

Den store auken i folketalet er med på å forklare flyttinga frå bygdene til byane, utvandringa til Amerika og endringa frå bondesamfunn til ein moderne marknadsøkonomi.

Først gjekk mortaliteten (dødelegheita) ned, medan fallet i fruktbarheit skjedde mykje seinare. Sett i eit langtidsperspektiv er det likevel ein klar samanheng mellom dei to fenomena.

Færre døyr — frå sult til sjukdom som forklaringar

Lenge trudde norske historikarar at 1815 markerte byrjinga på den demografiske overgangen. Først då byrja folketalet i Noreg å stige sterkt og varig. Hovudforklaringane som dei sette fram, var betre ernæring, sunnare og varmare hus og færre sjukdomar. Mykje av æra for veksten fekk poteten, ein rotvekst som no vart spreidd til nye område i landet, dei nye sildinnsiga langs kysten, og til slutt koppevaksina. Lokale studiar av døds- og fødselstal, fruktbarheit med meir i 1970- og 1980-åra og seinare har endra oppfatninga. Funna var slik: I Etne i Sunnhordland byrja fallet i mortaliteten frå midten av 1700-talet, i Asker og Bærum alt frå 1730-åra. Derimot melde det store fallet i spedbarnsdødsratane i desse to områda seg først i 1780- og 1790-åra. Same trend er funne for Trondheim by i denne perioden.

I 1970- og 1980-åra kom historikarane til å vende seg mot andre hoveddrivkrefter i utviklinga, nemleg epidemiar. Undersøkingar som Sølvi Sogner gjorde av Austlandet på 1700-talet, synte at mortaliteten var mykje høgare i kyst- og fjordstroka enn i innlandsområda. Grunnen var at nærleiken til kyst, skipsfart og handel betydde større kontakt med epidemiske sjukdomar, medan det indre Austlandet hadde mindre omgang med utlandet. Jo meir folk møttest, jo meir spredde sjukdomar seg. Ei anna undersøking av norske område i 1802 synte at døden slo hardare ut i bondefamiliar enn husmannsfamiliar, og at det kom av at gardane hadde meir kontakt med omverda enn plassane. Ståle Dyrvik og Margunn Skjei Knudtsen greidde å dokumentere at fallet i dødsratane for barn synest å henge saman med at mødre kom til å amme barna sine meir enn før. Ikkje minst forstod embetsmenn at morsmjølk var sunt og nærande. Morsmjølka ga spedborna auka motstandskraft mot sjukdomar.

Meir merksemd mot epidemiar og amming har prega den historisk demografiske forskninga sidan 1970-åra. Samstundes er det klart at rikare tilgang på mat, meir variert kost, sunnare hus, betre handtering av kloakk og avfall og til slutt organisert renovasjon og vannforsyning i meir trygge og betre former i byane, bidrog til å redusere talet på døde. Medan store delar av Europa opplevde stor mortalitet utan reell nedgang i perioden 1820–1880, gjekk den gradvis ned i Noreg også i desse åra. Noreg hadde ei tid på 1800-talet den raskaste folkeauka i verda. Ein kan seie at Noreg hadde særskilde gode vilkår under den demografiske overgangen.

Kvifor vart det fødd færre?

Den teknologiske utviklinga førte til at bustadene mange stader vart annleis enn før. Ein fekk betre skilje mellom drikkevatn og kloakk. I byane kom arbeidet å legge enovasjon i rør og gi heimaer reint vatn frå vatnverk i gang alt i 1840-og 1850-åra. Husa vart større med fleire rom, og med ilstader som ikke forureina så mykje som før. Heimane fekk også nye funksjonar i og med arbeid vart flytta ut i fabrikkar, verkstader og butikkar. Det førte mellom anna til at barnerolla endra karakter. Av ei rekkje grunnar var ikkje dei store barneflokkane lenger nødvendige eller rasjonelle. For det første trongst det ikkje lenger eit stort barnekull for at foreldreparet skulle verte reprodusert, sidan dei fleste av barna vaks opp. Og for det andre minka behovet for barnearbeid. Ungar budde derfor lenger heime og vart forsørga av foreldra, noko som gjorde det dyrare å ha fleire barn. Vanlege folk byrja derfor med familieplanlegging mot slutten av hundreåret, mellom anna gjennom prevensjon, som vart noko meir tilgjengeleg.

Fertilitetsfallet slo sterkast ut i meir urbane miljø. Fallet skjedde langt meir langsamt på bygdene. Frå rundt 1900 var likevel fertilitetsfallet eit landsomfattande trekk og er alt i alt ein viktig innfallsvinkel til nyare norsk historie.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg