Deir el-Medina
I arbeidarlandsbyen Deir el-Medina, som på det meste husa opp mot 500 innbyggjarar, budde kunstnarane og håndtverkarane bak dei imponerende minnesmerka i Tebens nekropolis.
Deir el-Medina
Av .
Lisens: fri
Deir el-Medina
På grunn av avstanden mellom Deir el-Medina og Kongenes dal, jobba arbeidarane skift kor dei var vekke frå landsbyen over fleire dagar i strekk. I denne tidsperioden budde dei i hytter, under langt enklare forhold, på fjellovergangen kor ein på den eine sida ser ned på Kongenes dal, og på den andre Deir el-Bahri.
Deir el-Medina
Av .
Lisens: fri
Deir el-Medina

Tempelet til gudinnen Hathor står fortsatt. Hathor var skytsgudinne for Deir el-Medina.

Deir el-Medina
Av .
Lisens: fri
Deir el-Medina
Befolkningen i Deir el-Medina bygde sine egne graver som ofte var tydelige inspirert av de kongelige monumentene. Bildet viser et slikt gravanlegg, til dels rekonstruert, med en forgård og et kapell kronet med en liten pyramide. Selve graven lå under forgården, tilgjengelig via en vertikal sjakt. I motsetning til ellers i Egypt var gravkamrene gjerne rikt dekorerte med fargerike malerier som dekket både veggene og de buede takene.
Deir el-Medina
Av .
Lisens: fri

Deir el-Medina er det arabiske namnet på den gamalegyptiske landsbyen Set-Maat («sanninga sin stad»), som ligg på vestbreidda av dagens Luxor. Landsbyen vart moglegvis grunnlagt under Amonhotep I (ca. 1525-1504 fvt.), og hadde sin glansperiode i dynasti 19 og 20 (ca. 1292–1077 fvt.), då innbyggjartalet kan ha nådd 500. Deir el-Medina vart fråflytta mot slutten av dynasti 20.

Faktaboks

Også kjend som

Deir-el-Medineh, Dayr al-Madīnah

gammelegyptisk Set Maat

Den mannlege delen av innbyggjarane arbeidde med få unntak med utsmykkinga av gravkammera i Konganes dal og Dronninganes dal. Utsmykkinga var av biletleg og skriftleg karakter. Konsensus av egyptologar hevdar arbeidarane sitt yrke kan forklare grunnen til at landsbyen hadde så høg prosent av skrivekyndige, og at eit så stort tal skriftlege kjelder har overlevd frå landsbyen. Desse kjeldene har gjeve oss eit unikt innblikk i ein tidsperiode på cirka 400 år. Landsbyen er den viktigaste kjelda til vår forståing av sosiale forhold i Det gamle Egypt.

Kjeldene seier lite om verda utanfor landsbyen, men er snarare retta mot kvardagslege problemstillingar som arbeidsorganisering, økonomi, samfunn, utdanning, juss og religion.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lesko, Leonard H., (1994). Pharaoh's workers: the villagers of Deir el Medina. Ithaca: Cornell University Press.
  • McDowell, Andrea G., (1990). Jurisdiction in the workmen's community of Deir el-Medîna. Leiden: Nederlands Instituut voor het Nabije Oosten.
  • McDowell, Andrea G., (2001). Village life in Ancient Egypt. 2 ed. New York: Oxford University Press Inc.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg