Davik
Davik er ei tettgrend som var ein kommune inntil 1965.

Davik er ei tettgrend og eit sokn i Bremanger kommune i Vestland fylke. Davik ligg på sørsida av Nordfjord.

Faktaboks

Etymologi
‘spyd’

Før 1965 var Davik eigen kommune som strekte seg på begge sider av fjorden heilt til Bremangerlandet i vest og Ålfotbreen i sør. Den delen som låg sør for fjorden, er no innlemma i Bremanger, og delen nord for fjorden dels i Stad og dels i Kinn kommunar.

Davik er ein kyrkjestad frå mellomalderen. Den første kyrkja var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet. Denne blei erstatta av ei tømra langkyrkje frå 1655. Ei krosskyrkje frå 1750 blei erstatta av dagens langkyrkje i tømmer frå 1886. Arkitekt var Georg Andreas Bull.

Etter stormen Dagmar jula 2011 var Davik utan mobilsamband i fleire veker fordi telemasta bles ned.

Namn

Davik er opphavleg eit gardsnamn. Det første leddet kjem av Daven, som er namnet på ein grunne i fjorden. Daven kjem igjen av norrønt dafi, 'spyd', truleg fordi han liknar eit spydblad.

Kart

Davik
Davik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg