Daniel er eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘Gud er min dommar’.

Namnet har fleire variantar: Daniel, Daniell.

Namnedag er 11. desember. Dan har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Daniel

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Daniel

Eit utval personar med namnet Daniel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 19 400 menn i Noreg som hadde Daniel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Daniel var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 115 gutar som fekk namnet Daniel.

Utvikling i bruk av namnet

Daniel er blant dei bibelske namna som var noko brukte tidleg på 1800-talet og som fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Elias, Gabriel, Isak, Jakob, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.

Utvikling i bruk av namnet Daniel frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Daniel frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Daniel på 1800-talet.

Daniel var mest brukt i Vest-Agder og Rogaland. . At Daniel er mykje brukt i Rogaland, kjem også til uttrykk ved at hovudpersonen i «Bondestudentar» heiter Daniel Braut.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Daniel på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Daniel var mest brukt i Vest-Agder og Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Danniel.). At Daniel er mykje brukt i Rogaland, kjem også til uttrykk ved at hovudpersonen i «Bondestudentar» heiter Daniel Braut.

Historisk bruk av namnet Daniel
Historisk bruk av namnet Daniel
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Særheim, Inge 2001: [Daniel Braut] og [Gabriel Gram]. Nokre drag ved namnebruken i Arne Garborgs dikting. [Maal og Minne].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg