Faktaboks

Dalane Tidende
Offisielt namn
DALANE TIDENDE AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Egersund
Stifta
1885
Dagleg leiar
Erik Thime
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Avishode
Avishode
Av .

Dalane Tidende er ei lokalavis som kjem ut i Egersund. Avisa blei grunnlagd i 1885 og er eigd av Amedia etter at konsernet i 2018 kjøpte opp Nordsjø Media AS. Dalane Tidende dekkjer Dalane (Eigersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim kommunar). Avisa kjem ut på papir tre gonger i veka, elles som dagleg oppdatert nettavis.

Digitalt

Dalane Tidende byrja gradvis og forsiktig å publisera stoff på nettet. I 1998 fekk avisa eiga nettside som i hovudsak gav informasjon om Dalane Tidende, og rundt århundreskiftet kom etter kvart ei fullverdig nettavis med løpande oppdatering av nyheitsstoff. Frå 2013 vart det innført betalingsmur for andre enn abonnentar. Dalane Tidende forsøkte ei tid å laga podkast på idrettssektoren, men avvikla tilbodet. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening hadde Dalane Tidende i fjerde kvartal 2023 15 155 daglege lesarar på papir og nett.

Historie

Dalane Tidende er den eldste av dei noverande avisene i Rogaland. Avisa var eit barn av dei harde politiske kampane i 1880-åra, men er i dag eit samlande forum og talerøyr for regionen i søre del av fylket.

Under den politiske striden i 1880-åra blei venstrefolk nekta spalteplass i den konservative Egersundsposten. Det blei teke initiativ til å stifte eit talerøyr for Venstre i Egersund, og typograf Johan Arnt Berg blei henta frå Stavanger for å stå for utgivinga. Dalernes Tidende kom ut to gonger i veka frå 1885. Berg gjorde sjølv praktisk talt heile arbeidet med avisa, både i redaksjonen og trykkjeriet. Avisa hadde si viktigaste utbreiing i Egersund, men formidla òg nyhende frå dei andre Dalane-kommunane og fekk trufaste abonnentar i landkommunane utanfor Egersund. Sjølv om spaltene glødde av politiske innlegg, var det eit tungt arbeid å drive avis. Berg blei sjuk og døydde året etter den første utgivinga.

Redaktørar

Halvdan Slettebøe
Halvdan Slettebøe (1904–1972) hadde vært redaktør i Egersundsposten før den tyske invasjonen i 1940, og han var redaktør i Dalane Tidende fra 1945 til 1972.
Halvdan Slettebøe
Dalane Tidende.

Ny redaktør og etter kvart eineeigar blei typograf Anton Lorentzen frå Bergen, som dreiv avisa fram til 1933. Då overtok sonen Olaf Lorentzen. I 1941 blei avisa stoppa. 15. mai 1945 starta ho opp att, men alt 15. oktober overtok Halvdan Slettebøe som redaktør, og avisa erklærte seg no som partipolitisk uavhengig. For å sikre kapital til vidare drift blei avisa same året omdanna frå familieaksjeselskap til eit aksjeselskap med 30 aksjar og med formålet å tene Egersund og Dalane sine interesser.

I 1955 flytta avisa frå Egersund by til nye lokale på Eie i landkommunen Eigersund. Ny setjemaskin blei kjøpt saman med ei brukt Duplex flatpresse, noko som gjorde det mogleg å auke sidetalet frå fire til åtte. I 1979 blei det lagt om til offset. Dette året fekk avisa installert nye trykkverk, som sidan er utvida fleire gonger. I 2003 endra avisa format til tabloid.

Dei første åra av historia er prega av innbitt politisk kamp mot konkurrenten Egersundsposten. Spesielt var kampen for det reine norske flagget prega av sterke og ofte personlege utfall mot meiningsmotstandarar. Etter at unionsstriden var over, heldt avisa fram som eit talerøyr for Venstre og med stadige angrep på konkurrenten Egersundsposten. Med berre redaktøren som redaksjonell medarbeidar blei avisa prega av utklipp frå utanbys aviser, kombinert med eit lokalt preg. Etter at avisa blei åleine på arenaen frå 1945, blei det lokale stoffet stadig meir viktig. Alf. L. Barstad overtok som redaktør frå 1973, og etter dette forsvann dei personlege karakteristikkane av motstandarar. Også utanriksnyhenda blei fjerna, og avisa har sidan reindyrka ein lokal profil.

Med utgangspunkt i Dalane Tidende og Jærbladet vart det bygd opp eit frittståande lokalt konsern, Nordsjø Media AS, som omfatta ni aviser i Rogaland og Vest-Agder. Nordsjø Media AS vart kjøpt opp av Amedia i 2018. Avisene blir trykte i Dalane Tidende sitt trykkjeri.

Opplag

Opplagstall for Dalane Tidende, 1986-2023

1986 6990
1988 7728
1990 7820
1991 7840
1992 7866
1993 7863
1994 7903
1995 8097
1996 8077
1997 8115
1998 8291
1999 8233
2000 8247
2001 8352
2002 8253
2003 8245
2004 8296
2005 8294
2006 8335
2007 8418
2008 8418
2009 8240
2010 8223
2011 8160
2012 8084
2013 7901
2014 7928
2015 7611
2016 7432
2017 7297
2018 7220
2019 7385
2020 7492
2021 7035
2022 6775
2023 6440
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 1500
1932 2000
1950 3156
1960 3504
1970 3904
1983 6448
1998 8291
2008 8418
2015 7549
2020 7492
2021 7035
2022 6775
2023 6440

Fakta

  • Fyrste utgåve med namnet Dalernes Tidende 3.1.1885.
  • Skifta namn til Dalane Tidane 3.7.1934.
  • Foreløpig siste numer 9.4.1941.
  • Fyrste nummer etter andre verdskrig 15.5.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Dalane Tidende
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg