Cornelius er eit mannsnamn som eigentleg er eit romersk slektsnamn. Det er avleidd av det latinske ordet cornu som tyder ‘horn’.

Det norske horn har same indoeuropeiske bakgrunn som det latinske cornu.

Namnet har fleire variantar: Cornelius, Kornelius.

Kjende personar med namnet Cornelius

Eit utval personar med namnet Cornelius, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 432 menn i Noreg som hadde Cornelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 11 gutar som fekk namnet Cornelius.

Av dei som heitte Cornelius i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Cornelius. Dette inneber at 39 prosent hadde Cornelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Cornelius frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Cornelius frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg