Paraguayelva med Ciudad del Este i bakgrunnen
Paraguayelva med Ciudad del Este i bakgrunnen.
Ciudad del Este
Handlegate i Ciudad del Este
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Ciudad del Este («østbyen») er den nest største byen i Paraguay med 304 282 innbyggarar (DGEEC, estimat for 2020). Byen er hovudstad for regionen Alto Paraná og ligg heilt aust i landet ved Paranáelva, på grensa til Argentina og Brasil (kalla trippelgrensa). Saman med byen Minga Guacú og distrikta Hernandarias og Presidente Franco utgjer Ciudad del Este eit større handelssentrum kalla Gran Ciudad del Este.

Byen blei grunnlagd i 1957 i samband med utbygginga av Itaipú-demninga, og fekk namnet Puerto Flor de Lis. Seinare blei namnet skifta til Puerto Presidente Stroessner etter diktatoren i landet, men namnet blei igjen endra i 1989 då diktatoren blei avsett.

Ciudad del Este er kjend for å vere ein by der det føregår ei storstilt smuglarverksemd over grensene, og for sal av illegale varer. Her er også mykje turisme, mellom anna på grunn av nærleiken til fossefalla Iguazú.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg