Faktaboks

Christlich-Soziale Union

Christlich-Soziale Union in Bayern

CSU

Etymologi

tysk «kristelig-sosiale union»

Uttale
chrˈistlich-soziale union
Logo
Franz Josef Strauß
Franz Josef Strauss var CSUs dominerande politikar, og var formann frå 1961 til han døydde i 1988. Foto frå 1975.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Christlich-Soziale Union (CSU) er eit tysk politisk parti. Partiet vart grunnlagt i 1945 og opererer berre i Bayern. Det er eit kristent-konservativt parti med vekt på bayersk kultur. CSU er i politisk union med Christlich-Demokratische Union (CDU), men er organisasjonsmessig sjølvstendig.

Franz Josef Strauss var CSUs dominerande politikar, og var formann frå 1961 til han døydde i 1988. Partileiar i CSU (sidan 2019) er Markus Söder.

Forløpararne til CSU

Den kristen-sosiale unionen, CSU, er det eldste politiske partiet i Tyskland, starta som det katolske Sentrumspartiet i Bayern i 1870 for å demme opp for protestantisk påverknad.

I 1918 braut eit mindretal ut og stifta Det bayerske folkepartiet, det var aktivt under Weimarrepublikken og hadde som hovudmål å etablere ein tysk føderasjon med utstrekt sjølvstende for Bayern.

Forholdet CSU – CDU

Dagens CSU vart skipa i 1945, som eit kristent-konservativt parti med vekt på bayersk kultur. Ved det første delstatsvalet i Bayern i 1946 fekk CSU over halvparten av stemmene, sidan då har partiet hatt nesten samanhengande regjeringsmakt i Bayern, oftast med reint fleirtal.

Også CDU vart stifta i 1945. Programma til CSU og CDU – unionspartia – er nærskylde, men CSU har meir konservativ i familie- og kulturpolitikk. Frå starten av eintest dei om at CSU åleine skal drive politikk i Bayern, medan CDU kan stille til val i dei 15 andre delstatane.

CSU og CDU samarbeidar om felles kanslarkandidat. To gongar har kanslarkandidatane kome frå CSU, Franz Josef Strauss i 1980 og Edmund Stoiber i 2002. CSU har ikkje oppnådd kanslarposisjon, men gjennom regjeringssamarbeid med CDU har CSU hatt vedvarande innverknad på tysk politikk.

Politisk utvikling

CSU som folkeparti

Bayern skil seg frå andre tyske delstatar i storleik, folketal og historie, og i tiåra etter andre verdskrigen brukte CSU den bayerske kulturarven til å foreine ulike samfunnslag i CSU. Ambisjonen var å bli eit stort, stabilt styringsparti, både i Bayern og på bundesnivå.

Partiet gjennomførte reformer i utdanning og næringsliv, som ofte danna mønster for resten av landet. Medlemstalet vaks, det same gjorde økonomien, og partiet vart ein politisk maktfaktor.

Mot slutten av 1900-talet byrja det politiske landskapet i Bayern å likne meir på resten av Tyskland. Sekulariseringa veikna CSU sitt band til katolisismen, og urbanisering svekte velgargrunnlaget på bygdene. Rundt 1990 byrja oppslutninga å dale. På 20 år mista CSU 20 prosent av medlemmane.

CSU på 2000-talet

På 2000-talet har tyske velgarar vore på vandring. Uro for klima- og miljøøydelegging vert fanga opp av Dei Grøne, uro over auka innvandring av AfD. CSU var sterkt kritisk til Merkel sin flyktningpolitikk på 2010-talet, men ved valet i Bayern i 2018 gjorde CSU sitt dårlegaste val nokosinne. Partiet var likevel størst, og danna regjering saman med Frie Velgarar, FW, med Markus Söder frå CSU som ministerpresident.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ingrid Brekke: De knuste hjerters land: Et innblikk i tysk politikk (2022)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg