Faktaboks

Charlotte Brontë
pseudonym Currer Bell
Fødd
21. april 1816, Thornton, England
Død
31. mars 1855, Haworth, England
Charlotte Brontë
Portrett av Charlotte Brontë frå romanen Jane Eyre
Av /NTB Scanpix.
Charlotte Brontë

Charlotte Brontë var ein engelsk forfattar og er ein av dei mest leste romanforfattarane til alle tider. Ho er særleg kjend for romanen Jane Eyre, som også har vore populær hos filmskaparar. Forfattaren kombinerer realismens søkelys på samfunnsproblem med meir romantiske fantasiar og sans for det gotiske.

Charlotte var ei eldre søster av Emily og Anne Brontë, som begge også skreiv romanar. Dei tre blir saman omtala som Brontë-søstrene.

Biografi

Som så mange andre kvinnelege forfattarar i historia var Brontë-søstrene prestedøtrer. Dei vaks opp på prestegarden i Haworth i Yorkshire, som no er eit mykje besøkt museum. Det var eit stille, isolert landsens liv, og søskena tok tilflukt i lesing og skriving frå ung alder. Dei vart tidleg morlause, og det var ei tante som tok seg av dei seks borna i familien, fem jenter og éin gut.

Skuletid

Maleri av Brontë-søstrene
Frå venstre: Anne, Emily og Charlotte. Måleri frå rundt 1834

Charlotte hadde ei traumatisk oppleving av barneskuletida. Fire av jentene vart sendt på ein billeg og utriveleg kostskule for prestedøtrer, Cowan Bridge, der dei to eldste, Maria og Elizabeth, fekk tuberkulose og døydde like etter at dei kom heim, 11 og 10 år gamle. Også Charlotte og Emily vart sendt heim, medan Anne aldri gjekk på denne skulen. Dette sette djupe spor, som vi ser igjen i romanen Jane Eyre.

Det gjekk mykje betre på skulen Roe Head, som var driven av Margaret Wooler, der Charlotte gjekk eit år som fjortenåring. Ho fekk livslange vener som Ellen Nussey, som seinare vart ei viktig kjelde då Elizabeth Gaskell skulle skrive biografien om Charlotte Brontë. Frå ho var nitten, var Charlotte lærarassistent på Roe Head i om lag tre år, og deretter guvernante i fire ulike familiar i kortare periodar. Det var svært få jobbar der kvinner frå middelklassen kunne tene pengar til livsopphald, og det å undervise var den næraste utvegen.

Brussel

Charlotte og Emily hadde planar om å starte ein landsbyskule i Haworth og tok først eit utanlandsår i Belgia for å utdanne seg vidare i framandspråk. Faren følgde dei på den store reisa til Brussel, og året på ekteparet Hegers internatskule viste seg å få stor innverknad både på Charlotte personleg og på romanane hennar. Ho vart svært begeistra for den sjarmerande og intellektuelle Constantin Heger og skreiv fleire kjærleiksbrev som han stort sett ikkje svarte på. Denne erfaringa gav henne stoff til to av romanane, Professoren og Villette. Men landsbyskulen i Haworth vart det aldri noko av, sidan dei ikkje klarte å skaffe elevar. Kanskje var staden for avsides, kanskje var broren sitt dårlege rykte som upåliteleg alkoholikar medverkande.

Ekteskap omsider

Arthur Bell Nicholls
Charlotte Brontë gifta seg med Arthur Bell Nicholls i 1854
Arthur Bell Nicholls
Av .

Det verkar som om Charlotte i det lengste prøvde å forsørge seg sjølv i staden for å gifte seg. Trass i at ho ikkje likte seg særleg godt som lærar, sa ho nei til fire friarar, som regel unge kapellanar, men ombestemte seg til slutt og gifta seg med den siste av dei, Arthur Bell Nicholls, i 1854. Kanskje nølte ho så lenge fordi mange kvinner døydde i barsel, og det var i så fall eit rett instinkt. Ho sjølv levde mindre enn eit år inn i ekteskapet. Kjeldene er ueinige om dødsårsaka, som først var sett til tuberkulose, som for dei andre søskena, men som også blir knytt til svangerskapskomplikasjonar.

Forfattarskapet

Frå fantasiland til bokutgjeving

Som born og unge fann dei fire attlevande Brontë-søskena stor trøyst i å skape sine eigne fantasiunivers som dei gav namn og skreiv innvikla forteljingar om. Charlotte og broren Branwell skapte landet Angria, og Emily og Anne hadde seinare Gondal. Alle fire hadde nok ønske om å bli forfattarar, men berre guten i familien vart sett på som lovande og kunstnarisk.

Då Charlotte spurte den kjende diktaren Robert Southey til råds om publisering, svarte han at litteraturen kan aldri bli eit kvinnekall og burde heller ikkje bli det, og han meinte at dess mindre ho dreiv med slikt, dess betre var det. Det er ein stor historisk ironi at han i dag stort sett er gløymt av dei fleste lesarar, medan ho er kjend i heile den litterære verda. Ein høyrer ekkoet frå slike negative tilbakemeldingar i fleire av romanane, der hovudpersonen klagar over tronge kår for intellektet, til dømes i Jane Eyre og Shirley.

Kvar for seg skreiv søstrene også mange dikt som vart lagte i skuffa, og då Charlotte oppdaga Emily sine dikt, fann dei ut at dei tre hadde nok til ei felles diktsamling, som vart trykt på eigen kostnad og nesten ikkje selde noko i det heile: Poems by Currer, Ellis and Acton Bell frå 1846. Men utgjevinga gav startskotet til ein rad med romanar, dei fleste av dei av Charlotte, som levde lengst av søstrene. Ho rakk å fullføre fire i dei få åra ho hadde att å leve: Jane Eyre, Shirley, Villette og Professoren.

Jane Eyre

Jane Eyre er ei foreldrelaus jente som vert handsama som eit uønskt utskot av dei rike slektningane og sendt til ein streng internatskule der jentene døyr av tæring og underernæring. Skulen er styrt av ein sadistisk hyklar, presten Mr. Brocklehurst, og er eit minne om skulen forfattaren gjekk på som barn, og som kosta søstrene hennar livet.

Jane Eyre får det betre som vaksen lærar, men lengtar etter større rom for utfalding og søker guvernantejobb på godset Thornfield Hall. Der får ho eit nært vennskap med arbeidsgjevaren, Mr. Rochester, men grunna dramatiske forviklingar må ho rømme huset og kjem til Marsh End og dei tre søskena Rivers. Jane må velje mellom menn og kall, i til dels tilspissa situasjonar.

Romanen er fortalt i første person og gir eit sterkt uttrykk for ei ung jente sine erfaringar, frustrasjonar og oppleving av kjærleik. Romanen utfordrar også vanlege klasseforventingar og lèt ei fattig guvernante få hovudrolla i kjærleikshistoria.

Shirley

Shirley handlar om to kvinner, først og fremst den fattige og morlause Caroline Helstone og dernest den rike arvingen Shirley Keeldar, og deira tilhøve til to menn, brørne Robert og Louis Moore. Caroline er noko som var sjokkerande for samtida, nemleg ei kvinne som elska først, utan å ha blitt fridd til, og utan å bli elska tilbake. Men boka handlar også om luddittane sine opprør mot fabrikkeigarar og industrialisering, og om sosiale spenningar i eit England i depresjon og krig rundt 1812.

Romanen er fortalt i tredje person, og forfattaren nyttar høvet til å skrive sterke og nokre gonger bitre utfall om til dømes vilkåra for kvinner i samfunnet:

«Der er noko gale ein stad. Eg trur ugifte damer burde ha meir å gjere … Brødrene deira er alle i forretningar eller profesjonar … søstrene har inga verdig sysselsetting anna enn husarbeid og sying, ingen andre jordiske gleder enn overflatiske visittar, og ikkje noko håp om noko betre heile livet til ende …. Kunne menn ha levd slik?»

Villette

Villette
Romanen Villette i utgåve frå tidleg 1900-tal, illustrert av Arthur Herbert Buckland

Forteljeteknisk er Villette i slekt med Jane Eyre. Hovudpersonen, Lucy Snowe, er også ei stillferdig ung kvinne som fortel si eiga historie. Lucy er ikkje pen, men har sterke kjensler og fell for professor Paul Emanuel som arbeider på same internatskule som ho. Byen Villette er fiktiv og ligg i eit fiktivt fransktalande land, men er tydelegvis basert på forfattaren sine eigne opplevingar i Brussel i Belgia.

Professoren

Professoren var den første romanen Charlotte Brontë skreiv, men han vart då refusert og gitt ut etter hennar død. I motsetnad til dei tre andre er denne fortalt frå eit mannleg perspektiv. William Crimsworth er engelsk, men avslår å bli prest i heimlandet og blir heller lærar på belgiske kostskular. Etter ulike forviklingar fell han for den unge læraren Frances Evans Henri. Boka er tydeleg inspirert av forfattaren sin eigen periode ved ein belgisk skule og hennar vennskap med sin eigen «professor», Constantin Heger.

Filmtolkingar

Franco Zeffirellis Jane Eyre frå 1996

Jane Eyre har vore svært populær mellom filmskaparar heilt sidan den tidlege stumfilmperioden, og i alle tiår frå 1910 til 2011 har det kome minst éi filmatisering av romanen. I versjonen frå 2011 av Cary Fukunaga spelar Mia Wasikowska og Michael Fassbender hovudrollene. Ein av dei lengste adaptasjonane er ein BBC-miniserie frå 1983, med Zelah Clarke og Timothy Dalton. Denne vart etterfølgd av ein noko kortare miniserie i 2006 med Ruth Wilson og Toby Stephens i hovudrollene. Franco Zeffirellis kinofilm frå 1996 med Charlotte Gainsbourg og William Hunt, og Robert Young sin film frå 1997 med Samantha Morton og Ciaran Hinds, er også verd å merke seg.

Dei andre romanane har ikkje vore like mykje brukte, men BBC laga to miniseriar over Villette, ein i 1957 og ein i 1970, den siste med Judy Parfitt som Lucy Snowe.

Romanar og dikt

  • Poems by Currer, Ellis and Acton Bell, 1846
  • Jane Eyre, 1847
  • Shirley, 1849
  • Villette, 1853
  • The Professor, 1857

Norske omsettingar

To av dei fire romanane har blitt omsette til norsk, Jane Eyre i seks versjonar og mange fleire utgåver, og Villette éin gong. Dei fleste har same tittel som originalen.

Jane Eyre

  • 1902, anonym omsettar (forkorta versjon)
  • 1911, omsett av Elise Horn, ny utgåve i 1989
  • 1948, omsett av Anna-Cathrine Brenna
  • 1964, omsett av Othar Bertelsen (forkorta versjon), ny utgåve i 1986
  • 1969/1970, Guvernanten av Thornfield Hall, ukjent omsettar, føljetong i Familien
  • 1999, omsett av Ragnfrid Stokke, ny utgåve i 2009

Villette

  • 2000, omsett av Ragnfrid Stokke

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Christine Alexander og Sara L. Pearson, Celebrating Charlotte Brontë: Transforming Life into Literature in Jane Eyre, Brontë Society, 2017.
  • Elizabeth Gaskell, The Life of Charlotte Brontë, Penguin, 1998 (1857).
  • Margaret Smith, The Letters of Charlotte Brontë, I-III, Clarendon Press, 2004. Eller Selected Letters, Oxford World Classics, 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg