Charlotte er eit fransk kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Charle som er ein fransk parallell til det engelske Charles med opphav i det fellesgermanske Karl som tydde ‘fri mann’.

Namnet har fleire variantar: Chalotte, Charlott, Charlotte.

Namnedag er 27. april. Charles og Lotte har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Charlotte

Eit utval personar med namnet Charlotte, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 364 kvinner i Noreg som hadde Charlotte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 30 jenter som fekk namnet Charlotte.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Charlotte, som var mest brukt 1990–1994, gjeld dette til dømes Annette, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Charlotte var elles eit av dei få franske kvinnenamna som var noko brukte på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Charlotte frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Charlotte frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg