Faktaboks

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn Lindland

Fødd
15. november 1980, Seoul, Sør-Korea
Brynjulf Jung Tjønn
Av /Cappelen Damm.
Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn
Av /NTB Scanpix.

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er i 2013. Tjønn er styreleiar i Den norske Forfatterforening frå 2023.

Bakgrunn

Brynjulf Jung Tjønn er fødd i Sør-Korea. Han vart adoptert til Noreg i 1983 og voks opp i Feios i Sogn. Tjønn er høgskulekandidat frå Norsk Journalisthøgskole i Oslo i 2004. Han har vore journalist og reporter for VG i 2004 og NRK i 2011, redaktør for nettstaden til Den norske kyrkja frå 2011 til 2017, redaktør for tidsskriftet Bokvennen. Sidan 2017 har han vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

Forfattarskap

Tjønn har publisert dikt, noveller og essay i antologiar og magasin, mellom anna i Syn og Segn. I tillegg har han gitt ut fleire bøker, både for born, ungdom og vaksne. Døden er eit grunnleggjande tema i forfattarskapen. Familiekriser er òg eit motiv forfattaren nyttar ofte. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt, med nyskapande bilete og ein nøktern stil. Språket er enkelt og direkte, sterkt og vakkert.

Han romandebuterte i 2002 med Eg kom for å elske. Med korte, presise situasjonsskildringar skaper forfattaren bilete av ei ungjente fylt av smerte over ein familie i endring. Ungdomsromanen Så vakker du er (2013) tematiserer kjærleik, tap, sorg og død. Hovudpersonen opplever at ein kjær onkel er døyande. I sterke, rørande skildringar stig ein bodskap fram, om å gripe sjansar og leve livet medan ein har det.

Verv

Utmerkingar

Tjønn vart nominert til Kulturdepartementet sin litteraturpris for Så vakker du er (2013) og til biletbokprisen for Den finaste historia (2016). I 2013 fekk han Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for Så vakker du er. I 2019 blei Smadra (2018) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Kritikerprisen 2022 gjekk til Brynjulf Jung Tjønn for diktboka Kvit, norsk mann.

Utgivingar

  • Kvit, norsk mann (Lyrikk, Cappelen Damm, 2022)
  • Kvar dag skal vi vere så modige (Roman, Cappelen Damm, 2021)
  • Smadra (Ungdomsbok, Flamme, 2018)
  • Alt det lyse og alt det mørke (Roman, Cappelen Damm, 2017)
  • Den finaste historia (Barnebok, Cappelen Damm, 2016)
  • I de dager… (Noveller, Verbum, 2016)
  • Så vakker du er (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2013)
  • Fotballskoene (Barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • Kinamann (Roman, Cappelen Damm, 2011)
  • I morgen skal vi sitte i solen (Barnebok, Cappelen Damm, 2009)
  • Lyden av noen som dør (Roman, Cappelen Damm, 2008)
  • Eg kom for å elske (Roman, Samlaget, 2002)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg