Briksdalsbreen

Briksdalsbreen sett frå Kattenakken. Ein kan sjå korleis brearmen kjem ned frå sjølve Jostedalsbreen. Nedst ligg breporten, og i vatnet flyt det avbrotne isblokker. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Briksdalsbreen i 1993 (til venstre) og i 2006 (til høgre). Breen har gått kraftig tilbake i denne perioden, noko som også er tilfellet for dei fleste norske fastlandsbreane.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Briksdalsbreen er ein isbre i Stryn kommune i Vestland fylke.

Briksdalsbreen går ned frå Jostedalsbreen mot vest til Briksdal i Olden, fem kilometer ovanfor sørenden av Oldevatnet. Til garden Briksdal går det køyreveg, og derfrå er det opparbeidd veg til éin kilometer frå brefronten, forbi ein foss i elva, Briksdalsfoss. Om lag 200 000 turistar kjem til Briksdalsbreen kvart år.

Historikk

Brefronten til Briksdalsbreen har flytta seg mykje på 1900-talet. Frå 1910 fram til byrjinga av 1930-åra trekte brefronten seg om lag 100 meter tilbake. Dei neste 20 åra smelta breen raskare og blei redusert med 800 meter til. Deretter bremsa smeltinga, og i korte periodar rykte breen nokre meter fram, før han rundt 1990 byrja ei kraftig framrykking.

I åra 1990–1994 rykte brefronten heile 200 meter fram, opptil 75 meter per år. Dette er den raskaste framrykkinga som er registrert på nokon bre i Noreg, og er eit resultat av dei snørike vintrane på Jostedalsbreen i åra frå 1989 til slutten av 1990-talet. Sidan då har breen trekt seg tilbake som følgje av tørre vintrar og varme/våte somrar. Briksdalsbreen har gått tilbake 800 meter sidan midten av 1990-talet.

Namn

Namnet kjem truleg av norrønt byrgi, 'inngjerding', som viser til dei bratte dalsidene i Briksdalen.

Kart

Briksdalsbreen
Briksdalsbreen
Briksdalsbreen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Svein Askheim

Siden har breen trukket seg tilbake og er nå i ferd med å forsvinne.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg