Faktaboks

Bernt Theodor Anker
Fødd
7. mars 1867, Vestre Aker (nå Oslo)
Død
21. august 1943, Ullensvang, Hordaland
Verke
Prest og målstrevar
Familie

Foreldre: Tollkontrollør Morten Ulrik Anker (1838–1922) og Louise Marie Wessel-Berg (1841–1917).

Gift 3.6.1892 med Wilhelmine («Minnie») Bjelke (19.4.1869–11.10.1965), dotter til skipsførar Cornelius Bjelke (1839–86) og Ingeborg Kathrine Thiis (1841–1928).

Bernt Theodor Anker var ein norsk prest, og ein av dei første prestane som heldt preiker på nynorsk.

Anker vart cand.theol. i 1890, og etter å ha vore prest nokre år, var han lærar ved Voss folkehøgskule i åra 1901 til 1908. Han var stiftskapellan (ungdomsprest) i Kristiania stift frå 1908, sokneprest i Ullensvang frå 1914 til 1937 og fungerte samstundes som prost i Hardanger frå 1918 til 1937.

Anker verka for ungdomsarbeid, fråhalds- og målsaka. Han var prega av grundtvigianismen med eit kulturope kristendomssyn. Mange av føredraga hans er prenta, sameleis tre band med barnepreiker og sjølvbiografiske skildringar i fem band.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Bernt Theodor Anker
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036372021531

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg