Bernhard er eit tysk mannsnamn: Bern-hard. Forleddet tyder ‘bjørn’ og etterleddet ‘hard’.

Namnet er kjent sidan 1300-talet.

Namnet har fleire variantar: Bernhard, Bernhardt, Bernhart.

Namnedag er 20. august. Bernt har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Bernhard

Eit utval personar med namnet Bernhard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 696 menn i Noreg som hadde Bernhard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 gutar som fekk namnet Bernhard.

Av dei som heitte Bernhard i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Bernhard. Dette inneber at 33 prosent hadde Bernhard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Bernhard hadde toppfasen sin i 1870-åra, noko som fell saman med toppfasen for mange tyske namn. Nokre av desse tyske namna hadde deretter ei jamt fallande kurve. I tillegg til Bernhard gjeld dette namn som Bernt, Johan og Arnt.

Utvikling i bruk av namnet Bernhard frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bernhard frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernhard på 1800-talet.

Bernhard var klart mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernhard på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bernhard var klart mest brukt i Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bærnhard.)

Historisk bruk av namnet Bernhard
Historisk bruk av namnet Bernhard
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg