Bente er eit kvinnenamn som er samantrekt dansk form av Benedikte med opphav i det latinske Benedicta som er laga til adjektivet benedicta med tydinga ‘den velsigna’.

Namnet har fleire variantar: Bente, Benthe.

Namnedag er 8. oktober. Benedikte har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Bente

Eit utval personar med namnet Bente, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 057 kvinner i Noreg som hadde Bente som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Bente var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Bente, med topp 1955–1959, gjeld dette til dømes Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke. I denne perioden (1955–1999) var namn på -e klart meir brukte enn dei korresponderande namna på -a, til dømes Hilde – Hilda, Line – Lina, Hege – Helga, Marte – Marta og Tove – Tuva.

Utvikling i bruk av namnet Bente frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Bente frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bente på 1800-talet.

Bente var klart mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bente på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bente var klart mest brukt i Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Benthe.)

Historisk bruk av namnet Bente
Historisk bruk av namnet Bente
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg