Heddaprisen 2016
Beaivváš Sámi Našunálateáhter mottok Heddaprisen 2016 i kategorien Særlig kunstnerisk innsats for «Vidas Extremas».
Heddaprisen 2016
Av /NTB Scanpix.
Logo
Logo
Av .

Beaivváš Sámi Našunálateáhter er eit profesjonelt samiskspråkleg teater grunnlagd i 1981. Teatret fekk status som samisk nasjonalteater frå 1994. Teatret har base i kulturhuset i Guovdageaidnu/Kautokeino med virkefelt i dei samiske områda i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Namnet «Beaivváš» betyr «sola» på nordsamisk.

Faktaboks

Også kjend som

norsk: Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš

Samiske nasjonalteatret

Historie

Beaivváš vart etablert i 1981 som ei samiskspråkleg fri teatergruppe. Den første framsyninga i gruppa var Min duoddarat («Viddene våre»), som var ein musikalsk satire over storhendingar rundt Alta-saka. Stykket hadde manus av Ailo Gaup og vart sett opp i samarbeid med regissøren Knut Walle.

I 1987 vart teatergruppa gjort om til aksjeselskap, og fekk frå same år statsstøtte i ein prøveperiode. Frå 1990 fekk det fast statsstøtte. I 1991 kom teatret inn med ein fast post på det norske statsbudsjettet og er sidan akseptert som den fjerde nasjonale scena i Noreg. Frå og med 2002 har teatret vore under budsjettforvaltinga til Sametinget. I 2010 skifta teateret namn frå Beaivváš Sámi Teáhter til Beaivváš Sámi Našunálateáhter.

Verksemd

Føremålet til Beaivváš Sámi Našunálateáhter er å styrkje samisk kunst, kultur og identitet, og teatret har sidan etableringa drive pionerarbeid med tanke på å utvikle ny samisk dramatikk. Årleg vert nye verk presenterte i tillegg til nye klassikarar innanfor nordisk dramatikk, alt omsett til samisk.

Beaivváš har lokale i kulturhuset i Guovdageaidnu/Kautokeino, speledistriktet omfattar dei samiske områda i Noreg, Sverige og Finland. Teateret har òg turnert i storbyområde lengre sør i Skandinavia, og dessutan internasjonalt. Teateret set opp både samiske originalstykke og internasjonale klassikarar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg