Faktaboks

Baotou

包头市

Baotou er ein by i Kina, og den største byen i den autonome regionen Indre Mongolia. Han ligg på Hetaosletta mellom elva Huang He og Daqingfjella, 500 kilometer vest for Beijing, på rundt 1000 moh. Baotou har 2 256 000 innbyggjarar (FN, 2021)。

Økonomi og næringsliv

Baotou har sidan industrialiseringa på 1960-tallet vore senter for eit større, integrert jern- og stålkompleks, basert på lokale førekomstar av jernmalm ved gruvedistriktet Bayan Obo 150 kilometer nord for byen, kôl fra Shiguaigouog og vasskraft fra Huang He. I byen blir det produsert sjeldne jordartar, aluminium, kjemikalier, kunstgjødsel, sement og sukker.

Byen har også tekstilindustri med velkjent produksjon av matter, og er eit handelsknutepunkt for pelsar og andre animalske produkt og medisinske urter frå den vestlege delen av Indre Mongolia.

Historie

Djengis Khans mausoleum ligg utanfor Dongsheng, 133 kilometer sør for Baotou.

Byen var tidlegare eit viktig knutepunkt for mongolske karavanevegar. Den blei mykje viktigare då jernbanen fra Beijing nådde hit i 1922, med forlenging til Lanzhou i 1955. Baotou blei i den fyrste femårsplanen i 1953–1957 peika ut som industrivekstsenter. Jern- og stålverket var i full drift frå slutten av 1960-åra.

Baotou har flyplass, og er tilknytta motorvegnett og hurtigtognett.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg