Bandak
Bandak. Vestre enden, sett frå ovanfor Dalen.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Bandak er ein innsjø i Vest-Telemarkvassdraget i Tokke og Kviteseid kommunar i Telemark. Innsjøen ligg 72 meter over havet og har eit areal på 26 kvadratkilometer. Sjøen er 27 kilometer lang og opptil 1,7 kilometer brei. Med ei største djupn på 325 meter er Bandak Noregs åttande djupaste innsjø. Han er omgitt av fjell som når opp i om lag 900 meter over havet.

I vestenden ligg tettstaden Dalen, på nordsida Lårdal og på sørsida Bandaksli. Tilløpet til innsjøen er Tokke og avløpet er Straumane, til Kviteseidvatnet. Frå Dalen til Norsjø går Bandak-Norsjøkanalen. Denne kanalen er ein del av Telemarkskanalen, som gir samband frå Dalen til Skien.

Namnet Bandak er truleg samansett av band, band, strimmel, og ak til norrønt agr, vatn, innsjø. Tydinga er da langt, smalt vatn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg