Warszawapakta

Etter kvart vart omgrepet Austblokka nytta synonymt med dei landa som var med i Warszawapakta. Sovjetisk frimerke frå 1975 med flagga til Warszawapakt-landa: på venstre side Bulgaria, Ungarn og Aust-Tyskland, på høgre side Tsjekkoslovakia, Sovjetunionen og Romania, lengst nede Polen. Øvst står det: «Voktar verda og sosialismen» og i midten: «Warszawa-pakta 20 år».

Austblokka
Dei europeiske landa tilknytta austblokka, markert med flagg.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Berlinmuren (Kennedy ved muren)

Berlinmuren vart eit symbol på todelinga av Europa under den kalde krigen. Muren vart bygd av dei austtyske myndigheitane i 1961 for å stanse den store flyktningstraumen mot vest. Biletet viser president John F. Kennedy ved muren i 1963. Det var under denne vitjinga at han uttrykte den frie verdas solidaritet med berlinarane ved å uttale: «Ich bin ein Berliner».

Av /NTB Scanpix ※.

Austblokka er eit omgrep frå den kalde krigens dagar. Det vart brukt om Sovjetunionen og landa i Aust-Europa som var kontrollerte av Sovjetunionen. Uttrykket austblokka, og motstykket vestblokka, oppstod som følgje av den todelinga av Europa som utvikla seg etter andre verdskrigen.

Faktaboks

Også kjend som

østblokka, østblokken, sovjetblokken

engelsk Eastern Bloc, Communist Bloc, Socialist Bloc, Soviet Bloc

Sovjetunionen festa meir og meir grepet om dei austeuropeiske statane, som alle fekk eit kommunistisk styresett og stod tidleg fram som ei konsolidert blokk saman med den kommunistiske supermakta.

Omgrepet austblokka vart brukt i norske aviser så tidleg som i 1946.

Blokkdanning

Sentralt i prosessen fram mot blokkdanninga i Europa stod den gradvise delinga av Tyskland, som enda opp i to statar i 1949; Aust-Tyskland og Vest-Tyskland. Same året vart NATO etablert, og i 1955 kom det austlege motstykket Warszawapakta.

Dette var det militærpolitiske uttrykket for blokkdanninga, og austblokka vart nå meir eller mindre brukt synonymt om dei landa som var med i Warszawapakta.

Under den kalde krigen vart uttrykket den kommunistiske blokka også brukt om kommunistiske land utanfor Europa som var allierte med Sovjetunionen, først og fremst Kina etter revolusjonen i 1949. Men den vestlege førestillinga om ei massiv kommunistisk blokk vart sprengd då det store skismaet mellom dei to kommunistiske stormaktene vart synleg ved inngangen til 1960-talet.

I utgangspunktet vart også Jugoslavia og Albania rekna med til austblokka, men det mista meining då Jugoslavia braut med Sovjetunionen på slutten av 1940-talet, og seinare også Albania, som orienterte seg mot Kina etter brotet med Sovjetunionen. På slutten av 1960-talet byrja Romania å føra ein sjølvstendig politikk.

Oppløysing av austblokka

Etter Josef Stalins død i 1953 vart det eit lettare klima internasjonalt og internt i austblokka, med tendensar til liberalisering. Men Sovjetunionen sette klare grenser for kor langt dei austeuropeiske landa kunne frigjera seg, noko som vart demonstrert ved invasjonane i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968.

Den skarpe todelinga i Europa vart noko neddempa etter gjennomslaget for forbundskanslar Willy Brandts austpolitikk ved inngangen til 1970-talet, då dei tyske statane gjensidig anerkjende kvarandre.

Men det var frå 1989 at austblokka heilt opphøyrde, først ved at Polen og Ungarn markerte sjølvstende, så ved Berlinmurens fall i november, deretter ved at alle statane i Aust-Europa kvitta seg med sine kommunistiske regime i løpet av 1990. Warszawapakta vart formelt oppløyst 1. juli 1991, og Sovjetunionen gjekk i oppløysing i desember 1991.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg