Faktaboks

Administrasjonssenter
Konsmo
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Vest-Agder)
Innbyggjartal
1 780 (2019)
Landareal
236 km²
Høgaste fjell
Ørnemyrfjellet (578 moh.)
Kommunenummer
1027 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Audnedal

Audnedal. Frå Konsmo, som var kommunen sitt administrasjonssenter. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Audnedal var ein kommune i Vest-Agder fylke og blei oppretta i 1837 då det lokale sjølvstyret blei innført, då under namnet Undal. Kommunen blei 1845 delt i dei to kommunane Sør-Undal og Nord-Undal. Frå Sør-Undal blei Spangereid sokn 1899 utskilt som eigen kommune, og 1911 blei Nord-Undal delt i dei to nye kommunane Vigmostad og Konsmo.

I 1964 blei Audnedal kommune oppretta gjennom samanslåinga av dei to tidlegare kommunane Konsmo og Grindheim, samt ein mindre del av Bjelland. Den nye kommunen omfatta øvre del av Audnedalen med elva Audna og heiene på begge sider. Kommunen grensa til Åseral i nord, Evje og Hornnes i Aust-Agder i nordaust, Marnardal i aust, Lindesnes i sør, Lyngdal i sørvest og Hægebostad i vest.

Audnedal blei i 2020 slått saman med Lyngdal kommune, og blei samtidig ein del av det nye Agder fylke. Samanslåinga var ein del av ein landsomfattande kommunereform.

Natur

Berggrunnen i heile den tidlegare kommunen består av grunnfjell, hovudsakleg gneis. Dalbotnen i hovuddalføret er flat og har slakt fall, med bratte dalsider og kuperte heier på begge sider. Jordbruksareala er små og finnast i stor grad sør i hovuddalføret. Heile Audnedal sitt areal ligg under skoggrensa.

Busetnad

Busetnaden er i stor grad konsentrert til hovuddalføret, særleg til områda rundt tettstadane Konsmo og Helle i sør og Byremo i nord. Ein viss konsentrasjon er det også i Sveindal lengst nord. Folketalet var i tilbakegang i meir enn 100 år fram til rundt 1970, med eit botnpunkt i 1971 då Audnedal hadde 1395 innbyggjarar. Sidan har folketalet stort sett vore i vekst.

Næringsliv

Innanfor jordbruket, som er ei viktig næring i kommunen, dominerer husdyrhald. Industrien i kommunen er i hovudsak knytt til skogbruk.

Husdyrhald dominerer jordbruket, men også skogbruket er viktig. Industrien er i stor grad basert på skogsdrifta, blant anna sagbruk, høvleri og ferdighusproduksjon.

Samferdsel

Sørlandsbanen følger Audnedalen frå Konsmo til Audnedal stasjon (54 kilometer frå Kristiansand) og fortsett vestover gjennom Hægebostadtunnelen. Den tidlegare kommunen har bussamband med Mandal og Kristiansand. Fylkesveg 460 følger Audnedalen mellom E39 i Vigeland i Lindesnes og fylkesveg 42 (ArendalEgersund) krysser hovuddalføret i nord.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Audnedal høyrde til Agder politidistrikt, Kristiansand tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Lindesnesregionen saman med Lindesnes, Mandal, Marnardal og Åseral.

Audnedal kommune svarte til dei to sokna Grindheim og Konsmo i Mandal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Audnedal til Mandal fogderi i Lister og Mandals amt.

Delområder og grunnkrinsar i Audnedal

For statistiske føremål var Audnedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman åtte grunnkrinsar: Brastad, Viblemo, Konsmo, Audnedal, Ågedalstø, Øydna, Byremo og Håland/Sveindal.

Historikk og kultur

Kyrkjene i Audnedal, Grindheim og Konsmo, er begge korsforma og i lafta tømmer med utvendig kledning. Grindheim er frå 1783 og er rikt innvendig dekorert. Nordvest i den tidlegare kommunen ligg Undalens molybdengruver, som var i drift under første verdskrigen. Det har i tillegg vore sporadisk drift på jernmalm i Brandsdalen, også det nordvest i kommunen.

Elva Audna er etter Mandalselva den viktigaste for elvefiske på Sørlandet. Elva var den første i landet som vart fullkalka for å eliminere skadane som følgde i kjølvatnet av sur nedbør.

Meistertjuven Ole Høiland, som i 1836 vart dømd for å ha brote seg inn i Noregs Bank og stole 64 000 spesidalar, var fødd og oppvaksen i Audnedal.

Vest for Konsmo, på Ytre Ågedal, er det gjort ei rekkje fortidsfunn, som mellom anna restar etter bygdeborg, som viser at garden var eit maktsentrum i folkevandringstida. I det gamle posthuset på Konsmo kan ein mellom anna sjå rommet der Ole Høiland sat fengsla. Frå 1830 til 1910 var det vanleg at born frå Indre Agder arbeidde i Aust-Agder om sommaren, og fleire barnevandringsruter er merkte aust og vest for Konsmo.

Den mest lesne avisa i kommunen er Fædrelandsvennen. Avisa har hovudkontor i Kristiansand, kjem ut alle kvardagar, og dekkjer heile fylket. Avisa kom med det første nummeret i 1875, og vert redigert på bokmål.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) hadde eit sølv sirkelsagblad mot ein grøn bakgrunn. Sirkelsaga viste til den sterke posisjonen trelast- og trevareindustri hadde i kommunen, likeins til bruken av vass-sager i dei fleste grendelag i eldre tid, mellom anna i samband med tønneproduksjon knytt til sildefisket på kysten.

Namnet har kommunen etter elva Audna. Førsteleddet kjem truleg av norrønt auðn, ‘øydelegging‘, det vil seie 'elva som øydelegg'. Elva Audna har gjort skade både ved flaum og isgang.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bergstøl, Tore: Konsmoboka, 1964–66, 2 b.
  • Breilid, Magnus: Bjelland, b. 1: Gards- og ættesoge, 1965
  • Breilid, Magnus: Grindheim, b. 1: Gards- og ættesoge, 1966
  • Breilid, Magnus: Kultursoga for Bjelland og Grindheim, 1974

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Saknar avsnittet "historikk og kultur"som er vanleg i kommuneartiklane

svarte Geir Thorsnæs

Avsnittet var ikke med i papirutgaven, og dette ble oversett ved revisjonen. Det er lagt inn et litte avsnitt om dette nå. Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg