Atlantis. Oppskytning 11. mai 2009 frå NASAs Kennedy Space Center i Florida.

.
Lisens: fri

Atlantis fotografert 10. mai 2009 før oppskyting. Romferja frakta sju astronautar til Hubble-romteleskopet der dei skulle gjennomføre den femte og aller siste reparasjonen av teleskopet.

.
Lisens: fri

Atlantis er ei amerikansk romferje. Atlantis var den fjerde av romorganisasjonen NASA sine fem romferjer som kom i bane kring jorda. 

Faktaboks

Uttale
atlˈantis

Romferd

Atlantis blei levert frå Rockwell International (no The Boeing Company), Palmdale i California, USA, 6. april 1985 og blei oppskoten første gongen 3. oktober 1985 som den 21. romferjeferda.

Romferja har gått 4848 gonger kring jorda og har i alt vore 306 dagar, 14 timar, 12 minutt og 43 sekund i rommet. 12 gonger har Atlantis hatt oppdrag for Den internasjonale romstasjonen (ISS), med transport av mannskap og utstyr opp og ned, montering av seksjonar og delar, frakt av forsyningar opp og avfall og ukurant utstyr ned.

Atlantis blei i 1989 brukt til å utplassere to planetariske sondar: Magellan til Venus og Galileo til Jupiter. Frå 1995 og utover gjorde Atlantis sju romferder til den russiske romstasjonen Mir, som ein del av Shuttle Mir-promgrammet. Atlantis har utplassert 14 ulike satellittar med militære, sivile og kommersielle føremål. I 2009 flaug Atlantis eit mannskap på sju medlemer til Hubble-romteleskopet for å gi teleskopet den fjerde servicen, då det blei installert nye kamera, batteri, gyroskop og andre komponentar til teleskopet.

Atlantis blei sett på bakken saman med romferja Endeavour i 2010, men ei tilleggsløyving frå Kongressen og godkjenning av president Barack Obama gjorde det mogleg å sende romferja ein ekstratur 8. april 2011 for å etterforsyne ISS for perioden fram til USA kan ta i bruk kommersielle romtransportsystem. Atlantisk gjennomførte i alt 33 romferder (missions). Den siste ferda blei avslutta med ei prikkfri landing ved Kennedy Space Center 21. juli 2011. Atlantis er sidan 2013 stilt ut ved Kennedy Space Center VisitorComplex i Florida i USA.

Namn

Atlantis har fått namnet sitt frå eit tomasta seglskip, som i perioden 1930–1966 la bak seg over 800 000 km for å utføre havforsking for Woods Hole Oceanographic Institute.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg