Asgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ás-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘spyd’.

Asgeir er same namn som det tyske Ansgar.

Namnet har fleire variantar: Asgeir, Asger, Åsgeir.

Namnedag er 3. februar. Ansgar har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 116 menn i Noreg som hadde Asgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Asgeir er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme på samansette nordiske namn med sein toppfase er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund.

Utvikling i bruk av namnet Asgeir frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Asgeir frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg